Trondenes kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trondenes kyrkje | ||
Trondenes (2006) | ||
Generelt | ||
Innvigd: | bygd omkring 1440 | |
Arkitektur | ||
Teknikk: | mur | |
Materiale: | stein (tretak) | |
Kyrkjerommet | ||
Trondenes kyrkje er soknekyrkje for Trondenes sokn i Harstad kommune i Trondenes prosti.
Trondenes kyrkje er den nordlegaste steinkyrkja i verda. Ho ligg om lag 3 km nord for sentrum av Harstad på Trondenes, ein historisk stad med spor attende til vikingtida. Ein har lenge meint at kyrkja var bygd rundt 1250, men nyare forsking tydar på at ho er bygd på 1400-talet. Kyrkja er bygd på eit område der det tidlegare har stått trekyrkjer frå 1100-talet. Rundt kyrkja finst det restar av festningsverk frå 1100-talet, som skulle verne ei tidlegare trekyrkje mot angrep.
[endre] Litteratur
- Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiri, Middelalder i Stein 1. band i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |