Sulfat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sulfationet (SO42-) er eit anion bygd opp av eit svovelatom og fire oksygenatom. Svovelatomet i midten er omgitt av fire oksygenatom. Ionet har ein tetraedrisk struktur.
Saman med kation dannar sulfationet salt. Desse får namn etter kationet, ofte eit metall, men med endinga -sulfat. Dei fleste sulfata er lett løyselege i vatn. Dette gjeld likevel ikkje alltid. Til dømes er bariumsulfat og kalsiumsulfat (gips) tungtløyselege.
![]() |
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kjemispirer. |