Støren
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Støren er kommunesenteret i Midtre Gauldal kommune og har eigen barne- og ungdomsskule og vidaregåande skule. Dovrebanen og Rørosbanen møtest her, og lakseelva Gaula renn gjennom tettstaden. Europaveg 6 og riksveg 30 møtest også her.
Støren var fram til 1964 eigen kommune, men vart då ein del av Midtre Gauldal kommune etter å ha blitt slegen saman med Budal, Singsås og Soknedal kommunar. Gamle Støren kommune gjekk frå Hage bru i nord til Singsås i sør-øst, Budal i sør og Soknedal i sør-vest.