Snus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snus er ei form for tobakk som ikkje vert røykt, men stappa inn i munnen og soge på.
Snusen kom til Noreg på 1600-talet. Snusen var då tørr finmalen tobakk som vart inhalert gjennom nasen, likt det ein i dag kalla snuff eller nasesnus. Dagens snus er finmalen tobakk som vert behandla med koksaltsløying, gjennomgår ein gjæringsprosess og vert tilsett ulike aroma, smak- og fargestoff.
Snus er, til skilnad frå sigarettar, tillate å nyta innandørs på norske serveringsstader. Dei siste åra har talet på snusbrukarar auka i Noreg, noko som kan ha samanheng med endringane i røykelova.
Nokre forskarar meiner at det er ein samanheng mellom bruk av snus og munnkreft, men det er enno ikkje prova ein direkte samanheng. Snus er ulovleg å selje i mesteparten av EU-området.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |