Skjør astma
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjør astma (eng. brittle asthma) er namnet på ein sjeldan, men særleg alvorleg type astma der åtaka er særleg plutselege og/eller alvorlege og behandlingsresponsen er lågare enn kva som er tilfelle med vanlege astmatikarar. Skjør astma kan grovt sett delast inn i to hovudtypar — type 1 og type 2.
[endre] Skjør astma, type 1
Pasientar med skjør astma av type 1 har dagleg, persistent astma trass i aggressiv medisinering som inkluderer høge dosar av inhalert kortisonpreparat. I tillegg til den persistente astmaen vil type 1-pasientar ofte ha plutselege, alvorlege astmaåtak som kan vera livstruande. Hyppig sjukehusinnlegging er ofte nødvendig, og svært mange type 2-pasientar vil være fullt uføre.
[endre] Skjør astma, type 2
Type 2-pasientar har oftast meir moderat astma på dagleg basis, men har stundom plutselege og alvorlege åtak som kan vera livstruande. Ved skjør astma av type 2 er det ofte aktuelt å gjeva kortvarige kurar med orale steroidar. Mange type 2-pasientar vil kunna fortsetja utdanning eller arbeid, men uførheitsgraden kan òg vera så stor at attføring eller uføretrygd kan vera aktuelt.
[endre] Kjelder
- «What does this form of asthma really mean?» frå The Friends’ Network for Severe & Brittle Asthmatics
![]() |
Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over medisinspirer. |