Skei
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei skei er ein reiskap ein nyttar til å ete. Skeia er forma slik at ein lett kan få i seg rennande næring, som suppe. I tillegg til å eta med skeier kan ein òg bruka dei som rytmeinstrument.
[endre] Materiale
Vestlege skeier er gjerne laga av metall, som stål eller sølv. Det har òg vore vanleg å skjera ut skeier i tre. I Aust-Asia har ein derimot helst nytta skeier av porselen. I nyare tid er plastikkskeier kome til og blitt populære over heile verda.
[endre] Stadnamnet Skei
- Skei i Bodø er ein tidlegare gard, no bydel i Bodø.
- Skei i Jølster er kommunesenteret i Jølster kommune og ligg i den austlege enden av Jølstravatnet.
- Skei i Surnadal er kommunesentret i Surnadal kommune og ligg i nedre enden av Surnadalen, noko ovom Surnadalsøra.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |