Samnorsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For det fiktive språket Samnorsk frå science fiction-litteraturen, sjå A Fire Upon the Deep.
Samnorsk er ei tenkt, framtidig norsk målform der nynorsk og bokmål er smelta sammen til eitt. Den såkalla tilnærmingspolitikken hadde som føremål å avskaffa skilnadane mellom bokmål og nynorsk på lengre sikt. Det vart blant anna sett på som upraktisk å ha det same språket uttrykt i skrift på to konkurrerande måtar. Samnorsktanken dominerte norsk språkpolitikk i store delar av førre hundreåret. På grunn av sterk motstand, både frå riksmålshald og nynorskhald, har Språkrådet i dei siste tiåra gått vekk frå tilnærmingspolitikken.
Ordet Samnorsk vart særleg på 1950-talet nytta om bruken av «radikale» eller «folkelege» former i bokmålet etter 1938-rettskrivinga. Ordet blei brukt nedsetjande av riksmålsfolk av di dei meinte at bokmålet vart vulgært.