Salmane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salmane (gresk Ψαλμοί [psal'moj]) eller Tehillím (hebraisk תְּהִלִּים [təhil'līm]), òg ofte kalla Davidssalmane, er ei av visdomsbøkene i Bibelen. Boka inneheld poetiske tekstar og er den lengste boka i Bibelen. Mange av tekstane er retta til Gud.
Boka omfatter i alt 150 salmar. Nokre salmar er vekselssongar som har vore bruka i tidlege jødiske gudstenesteritual (t.d. salme 15 og 24), andre er skrivne for kongevigsling (t.d. salme 2 og 110). Salme 1 og salme 119 er læresalmar, medan dei fleste andre som ber preg av å vere bøner, profeti, fyndord og lovprisingsvers. De er knytt til vidt forskjellige tidsperiodar; nokre omtaler hendigar etter bortføringa til Babylon. Tekstene skal ha vore skrivne av Moses, David (vel sytti salmar er Davidssalmar), Salomo (12 salmar), Asaf og fleire andre, ikkje alle er namngjevne. Fleire av tekstane har overskrifter, og i nokre er det ført opp musikalske uttrykk som vi ikkje sikkert kan tyde i dag.
Tradisjonelt delar vi Salmane inn i fem delar: Første bok, kap. 1-41, Andre bok, kap. 42-72, Tredje bok, kap. 73-89, Fjerde bok, kap 90-106, og Femte bok, kap. 107-150. Kvar av disse bolkane sluttar med eit lovprisningsord. Heile salme 150 er ei lovprising som avsluttar heile salmesamlinga.
Tekstane er eit godt eksempel på den semittiske poesien frå oldtida. Dei inneheld opptakingar og parallellstrofar, som er typisk for litteraturen. Dei tek opp mange av dei religiøse tankane som resten av Den hebraiske bibelen held fram. Dei gjev uttrykk for både lovprising, sorg, bøn og andre kjensler. Nokre av salmane er akrostiske; det vi seie at dei er inndelte i avsnitt som begynner på forskjellige bokstavar i det hebraiske alfabetet.
Salmane har alltid vore sentrale i den jødiske gudsdyrkinga. Dei blir òg rekna som sentrale skrift i kristendommen. Dei bibelske salmane har vore førebilete for den kristne salmediktinga. Vi finn mange av orda att i salmeboka, til dømes desse linene frå den 127. salmen som vi finn att i fedrelandssalmen til Blix:
- Dersom Herren ikkje byggjer huset
- arbeider dei faafengt som byggjer på det.
Bøkene i Bibelen | |||||||
|
[endre] Kjelder
- Frå bokmålswikipediaen
- Auka og omvølt med stød i opplysningar frå Kunnskapsforlagets store norske leksikon (1980)
- Bibelen (1921) (Studentmaallaget i Oslo)
- Tekst etter Bibelselskapet (1978/85)