Rosemåling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosemåling er den vanlege nemninga på tradisjonell dekorativ kunstmåling som var vore i bruk i Noreg i nyare tid. Blømingstida for stilen er sagt å vera om lag 1750 og frametter til 1900.
Innhaldsliste |
[endre] Stildrag
Akantusranken er kanskje det mest attkjennelege trekket ved stilen. Akantusen syner seg i ulike former over store delar av tradisjonsområdet, og vert utbrodert på ymse vis. Utnyttinga av blomerankar syner slektskap til europeisk dekorativ kunst i både barokk og rokokko. Det er rimeleg å tru at dei ulike rosemålingsstilane har latt seg påverke av desse. Til dømes syner austlandsmålinga mange drag av slektskap. Målinga har nok vakse fram i kontakten med Nederland i seglskutetida. Det er påvist likskap i stil i mellom anna Hindelopen nedst i Frisland.
[endre] Bruksområde
Rosemålinga syner seg frå byrjinga på ølboller og andre drikkeboller, kister av ulike slag, tiner, hengjeskåp og feler. Dei mest velhaldne bøndene kosta på seg å få smykka ut heile stover.
[endre] Fargar
Målarane nytta ofte ulike nyansar av blått, raudt og oker. Kvitt blanda dei av sink, medan blått vart teken frå ulike slag stein dei fann i fjellet. I den klassiske rosemålingstida laga kunstnarane oftast fargane sjølv.
[endre] Eksterne lenkjer
- Rosemalinga si historie m.m.
- Liste over nokre norske rosemålarar
- Rosemåling i Os i Hodaland
- Om bymalarar og bygdemalerar på 1700-tallet
- Bilete av rosemalte tiner og fat
![]() |
Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kunstspirer. |
.