Proposisjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Proposisjon er eit ord nytta i logikken for å skildre innhaldet i påstandar. Ein påstand kan evaluerast som anten sann eller usann. Proposisjonar er ikkje-lingvistiske abstraksjonar, så forskjellige setningar innan eit språk, eller ei setning på to ulike språk, kan uttrykkje same proposisjon. Det er vanleg å setje ordet at foran ein setning som skal uttrykkje ein proposisjon, t.d. er at Ola elskar Kari proposisjonen som setningen Ola elskar Kari uttrykkjer.
[endre] Argument mot bruk av proposisjonar
Filosofien W.V.O. Quine meinte at sidan det er så vanskeleg å nøyaktig og fullstendig omsetje, burde me heller snakke om setningane, enn proposisjonane dei (kanskje) uttrykkjer.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |