Per Petterson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Petterson (fødd 18. juli 1952 på Veitvet i Oslo) er ein norsk forfattar som no bur på Hemnes i Høland.
Per Petterson er utdanna bibliotekar og arbeidde i fleire år i Tronsmo bokhandel i Oslo. Forfattardebuten kom i 1987 med novellesamlinga «Aske i munnen, sand i skoa», som vart vel motteken av kritikarane, det har også dei seinare bøkene vorte, og dei har òg funne mange lesarar. Det verkeleg store gjennombrotet kom likevel først med romanen «Ut og stjæle hester» frå 2003, ein roman om forhaldet mellom far og son, og om svik.
Bøkene hans er omsette til mellom anna dansk, svensk, engelsk, nederlandsk og tysk.
[endre] Prisar og utmerkingar
- 2003 Kritikarprisen for Ut og stjæle hester.
- 2003 Bokhandlerprisen for Ut og stjæle hester
- 2000 Brageprisen for I kjølvannet
- 1997 Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Til Sibir
- 1996 Oktober-prisen
- 1993 Språklig samlings litteraturpris
- 1993 Nota Bene Bokpris
- 1988 Sarpsborgprisen
[endre] Bøker
- 2004 Månen over porten, essaysamling (Oktober, Oslo)
- 2003 Ut å stjæle hester, roman (Oktober, Oslo)
- 2000 I kjølvannet, roman (Oktober, Oslo)
- 1996 Til Sibir, roman (Oktober, Oslo)
- 1992 Det er greit for meg, roman (Oktober, Oslo)
- 1989 Ekkoland, roman (Oktober, Oslo)
- 1987 Aske i munnen, sand i skoa, novellesamling (Oktober, Oslo)
[endre] Omsetting
- 1987 John Fante: 1933 var et dårlig år, roman (Tronsmobok Forlag, Oslo)
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
![]() |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. |