Pengar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pengar (frå norr. pen(in)gr, sjå og penning) er betalingsmiddel som er lette å handtera og lagra. Dei blir brukte til å betala for varer og tenester, og mogleggjer ein pengeøkonomi framfor ein byteøkonomi.
Pengar finst i ulike valutaer i ulike land. Typiske pengar er myntar og setlar. Desse symboliserer ein verdi som samfunnet er blitt einig om, til dømes ved at styresmaktene garanterer for verdien. Medan pengar gjerne er blitt laga av metall eller papir, finst det også døme på bruk av andre ting til pengar, til dømes cowrie-skjell.
![]() |
Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over økonomispirer. |