Montpellier
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plassering | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Languedoc-Roussillon Hérault |
Geografi | |
Flatevidd - By |
56,88 km² |
Innbyggjarar - By (2004) - folketettleik - Storbyområde |
244 700 3 963/km² 459 916 (1999) |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 27 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 34172/34000, 34070, 34080, 34090 |
Heimeside: us.montpellier.fr |
Montpellier (oksitansk Montpelhièr) er ein by sør i Frankrike. Han er hovudstad i regionen Languedoc-Roussillon, i tillegg til préfecture (hovudstad) i departementet Hérault. Etter ei folketeljing i 1999 var folketalet i byen 244 300, medan heile storbyområdet hadde 459 916.
Byen vart grunnlagd i år 985 før Kristus og er ein kontrastfylt universitetsby med gamal og ny arkitektur om kvarandre. Han er den åttande største byen i Frankrike og den tredje største middelhavsbyen, etter Marseilles og Nice.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Byen ligg på ein ås om lag 10 km innafor kysten av Middelhavet. Byen ligg mellom to elvar, Lez, som gjev vatn til byen, og Mosson. Landskapet består av mange høgder, som òg kan ha gjeve namn til byen. Dei største nabobyene er Toulouse (ca. 244 km) i vest, mot øst Nîmes (ca. 55 km) og Marseille (ca. 170 km), og mot nord Lyon (ca. 302 km) og Paris (ca. 760 km). Det næraste fjellet er Mont Aigoual som ligg 75 km frå Montpellier.
[endre] Klima
- Gjennomsnittstemperatur: 14,2 °C (Frankrike: 12,2 °C)
- Soltimer per dag: 7 timar og 22 minutt (Frankrike: 4 timar og 46 minutt)
- Soldager i året: 300
[endre] Historie
I år 985 dukka namnet Montpellier opp i eit dokument. Frå 1204 til 1349 låg byen under Aragon si krone. Etter dette vart han ein del av kongeriket Frankrike.
Produksjon og sal av vin på 1800-talet førte til auka vekst i byen, der det vart konstruert bygningar i haussmansk stil. Men vinen var ikkje nok til å halde byen i vekst, og frå byrjinga av 1900-talet og 50 år vidare stagnerte han som ein liten provinsby utan særleg omfang. I 1960-åra kom store bedriftar til Montepellier og omforma han til eit europeisk industrisenter.
[endre] Kyrkjer og katedralar
Katedral Saint Pierre vart opphavleg bygd som ei kyrkje i gotisk stil, ved sida av klosteret Saint-Benoît. Det var først i 1536 at kyrkja vart ein katedral. (Klosteret vart omgjort til det kjende medisinfakultetet etter den franske revolusjonen.)
Église Sainte Anne ligg midt i écusson og har husa eit galleri for samtidskunst, le carré Sainte Anne, sidan 1991.
Église Saint Roch vart bygd til ære for Saint Roch, pilegrimeane sin skytshelgen og er ein etappe på pilegrimsruta mot katedralen Santiago de Compostela, nordvest i Spania.
[endre] Toponymi/etymologi
Ingen vet heilt sikkert kva namnet Montpellier tyder. Dette har leda til mange forskjellige teoriar, men i følgje den mest utbreidde hypotesen tyder stadnament «pastellblåhøgda» («mont» tyder høgd eller ås, og «pellier» er eit gamalt ord for pastellblå). Bykjerna Écusson, som har eksistert sidan mellomalderen, ligg på ei høgd der den korsblømande planta Isatis tinctoria (vaid) vaks før byen vart til. Denne planten trivs i høgareliggande strøk og vart før i tida brukt for å lage blått fargestoff.
Ifølgje andre teoriar kjem namnet frå den strategiske posisjonen til høgda kalla Mont du verrou («verrou» tyder lås eller bolt). Det orginale namnet er Monspessulanus. Ut frå dette namnet kjem teoriane om mont pelé som tyder «den nakne høgda», på grunn av den sparsomme vegetasjonen, eller le mont de la colline som tyder «høgda av haugen».
[endre] Bydelar, plassar og parkar
Montpellier er som alle andre franske byar delt opp i kvarter eller bydelar. Det er 23 av dei, og dei ligg i tre ringar rundt bysenteret Écusson. Lengst inn mot midten ligg Les Beaux Arts, La Pompignane, Antigone, Gares, Gambetta og Les Arceaux. Utanfor desse ligg Aiguelongue, Millénaire, Port Marianne, Prés d'Arènes, Croix d'Argent, Pas du Loup, La Chamberte, Les Cevennes og Hôpitaux Facultés. Heilt i ytterkant av byen finn ein Parc Agropolis, Odysseum, La Martelle, Celleneuve, Mosson, Hauts de Massane, Malbosc og Parc Euromédicine.
[endre] Écusson
Écusson er det historiske bysenteret i Montpellier. Det har eksistert sidan mellomalderen, og namnet har det fått etter formen på området sett frå lufta, og at byen før var omringa av ein festning. Écusson kjem nemleg av det gamalfranske ordet for femkant, og tyder våpenskjold. Av festningen står svært lite igjen. Berre to av dei 25 tårna: la tour des pins og la tour de la Babotte, samt nokre portar og små restar av sjølve festningen.
[endre] Antigone
Antigone er eit kvarter i Montpellier bygd etter ønske frå den dåverande ordføreren av Montpellier, Georges Frêche. Byggjinga starta i 1978, og vart avslutta i 2000. Dei fleste av bygningane er bygd i neo-gresk stil og hovudarkitekten er spanske Ricardo Bofill.
Kvarteret ligg søraust for Montpellier sitt mellomaldersentrum Écusson, i området «polygone» som i si tid var militærbase. I dag er Polygone eit kjøpesenter som markerar byrjinga av kvarteret som strekk seg 900 meter, heilt til elva Lez. På den andre sida av elven ligg rådhuset for regionen Languedoc-Roussillon, som òg er teikna av Ricardo Bofill i same stil som Antigone.
Området omfattar tre store bygningar; la Piscine Olympique (det olympiske svømmebassenget), la médiathèque centrale Émile Zola (bibliotek), og vert kryssa av både trikkelinje nummer 1 og 2. Bygningane i Antigone er boligar (m.a. trygdeboligar), butikkar og diverse firma som lege, tannlege osv. Sett frå lufta har kvarteret form som ein nøkkel, fulgt av eit stort amfiteater, ein halvsirkelforma bygning som tilsvarar Bofills båge ved Medborgarplatsen på Södermalm i Stockholm.
[endre] Place de la Comédie
Place de la Comédie er den største og mest sentrale plassen i Montpellier, faktisk ein av dei største fotgjengarplassane i heile Europa. Plassen er lokalisert søraust for mellomalderbyen sitt sentrum, Écusson. Esplanaden Charles de Gaulle er forlenginga av plassen på nordsida og strekk seg til Corum, ein stor bygning som er konstruert av Claude Vasconi og som vert brukt til konferansar, opera med videre.
Plassen vert først nemnd i 1755 og kalla opp etter teateret som ligg der. På midten av 1900-talet vart hovudjernbanestasjonen Gare Saint Roch bygd ca. 200 meter sør for Place de la Comédie, og det no nedlagte litle toget Le Petit Train, som gjekk til stranda (Palavas-les-Flots), hadde endehaldeplass på plassen, noko som gjorde Place de la Comédie til den mest sentrale plassen i byen.
På plassen finns fontena Les Trois Grâces (dei tre gratier) som førestiller Aglaé, Euphrosyne og Thalie. Ho vart konstruert i 1790 av skulptøren Étienne d’Antoine. Originalen vart sett på Fabre-museet i 1989, men vart under oppussingsarbeidet flytta til operaen Comédie som òg ligg på plassen.
[endre] Le Parc du Peyrou
«Grunnlagd» i 1689 og ligg midt i hjartet av Montpellier sitt historiske sentrum. Før inngongen til parken står ein triumfboge, bygd på slutten av 1600-talet på byen sitt høgaste punkt til ære for Ludvig XIV. Midt i parken står ein statue av han, reist på 1700-talet.
I den andre enden, òg frå 1700-talet, ligg eit «vasslott» (Château d’eau) og ut frå dette strekk det seg ein lang akvedukt, akvedukt Saint Clément, gjennom kvarteret Les Arceaux («bogane», etter bogane i akvedukten).
[endre] Jardin des plantes
Ligg ikkje langt frå medisinfakultetet og katedralen, på boulevard du Peyrou. Det er den eldste botaniske hagen i Frankrike, oppretta i 1593 etter krav frå Henrik IV, i samband med medisinstudiet. Her vart det planter for bruk i medisinar og undervisning av legar og farmasøytar.
[endre] Zoo du Lunaret
Nord i Montpellier ligger dyrehagen Zoo du Lunaret. Parken har gratis inngang, og 52 forskjellige innhengninger langs til saman 11 km med sti. Der finn ein over 400 dyr av 90 forskjellige artar fra heile verda.
[endre] Utdanning i Montpellier
Montpellier er ein studentby med tre store universitet. Universitetet i Montpellier vart formelt grunnlagd av pave Nikolas IV i 1289, men historien til universitet strekk seg lenger tilbake i tid enn som så, uten at ein eksakt veit kortid det oppsto. Det vert rekna for å vere eit av dei eldste universiteta i Frankrike. Av dei som har studert ved universitetet er Nostradamus og François Rabelais. Montpellier er kjend for å ha særleg mange internasjonale studentar. Det totale studenttalet, rundt 70 000, utgjør ein fjerdedel av folketalet i byen, og av desse er 10-12 % utenlandske.
Université Montpellier 1 er fakultetet for jus, økonomi, farmasi, medisin og odontologi, som husar 21 226 studentar.
Université Montpellier 2 er det tekniske og naturvitenskapelege fakultetet som har eit studenttal på 12 190.
Université Paul Valéry, Montpellier 3 er fakultetet for språk og litteratur, humanetikk og kunst og har 18 501 studentar.
[endre] Medisinfakultetet
Medisinfakultetet (Faculté de Médecine) har eksistert sidan 1220 og er det eldste medisinske fakultetet i verda som framleis eksisterar. I 1340 opna eit anatomistudium som gjorde universitetet kjend over heile Europa. Dette var viktig for byen då det førte til at mange studentar frå heile Europa busette seg i Montpellier. I tilknytting til universitetet var det ein botanisk hage med planter til medisinsk bruk og forsking. Denne hagen, Jardin de Plantes, eksisterar den dag i dag. Mange kjende legar og kirurgar har sin utdanning ved dette universitetet, som òg i dag er eit svært anerkjend medisinfakultet.
[endre] Kultur
[endre] Musée Fabre
Bygd i 1828 etter ønske frå den neoklassissistiske maleren François-Xavier Fabre. Museet var stend pga oppussing, utbygging og reorganisering frå 2003 til 2007. Arbeidet kosta 62,7 millioner euro. Det er 9 200 kvadratmeter stort, over 3 etasjar, og vert rekna som eit av dei vakraste i Frankrike og resten av Europa. Museet si samling består av nærmare 1 800 maleri, 4 000 teikningar, 1 500 graveringer og fleire hundre skulpturar. Etter nyopninga er utstillingskapasiteten på rundt 800 verk; 300 meir enn før.
[endre] Operaen
Det første teateret Opéra Comédie i Montpellier stod ferdig i 1755, men brant ned i 1785. Det same gjaldt for etterfølgjaren som stod frå 1787 til 1881, før det vart totalskadd i brann. Bygningen som i dag står på Place de la Comédie stod ferdig i 1888. I 2001 vart Operaen i Montpellier òg Opéra National.
Corum husar både eit konferansesenter med 6 000 kvadratmeter plass, og den andre operaen, Opéra Berlioz som har plass til 2 010 personer. Bygningen er teikna av Claude Vasconi, dekka av rosa marmor og opna i 1988.
[endre] Idrett
Fotballklubben Montpellier Hérault Sport Club vart danna i 1919 og spelar i Ligue 2, det nest øvste nivået i fransk fotball. Heimekampane vert spelt på Stade de la Mosson, som har plass til 32 900 tilskodarar.
[endre] Transport
[endre] Trikken
Montpellier fekk sin første trikkelinje i slutten av 1897, og allereie i byrjinga av 1898 var ytterlegare fire linjer på plass. Men bilen sin utvikling og opprettinga av rutebussar utkonkurrerte desse første trikkane som vart lagd ned 31. januar 1949.
I juli 2000 opna den første av dei nye trikkelinjene, linje 1, som går mellom Mosson i nordvest og Oddysseum i søraust. Linja er 15,2 km lang og har 27 stasjonar, med en gjennomsnittsavstand på 560 meter mellom kvar stasjon. Trikkane går frå klokka fem om morgonen til klokka ett om natta, og transporterar meir enn 100 000 reisande kvar dag.
Linje 2 opna i desember 2006. Han strekk seg frå Jacou i nordaust til Saint Jean de Védas i sørvest. Linja er 19 km lang og har 33 stasjonar.
Planane er allereie klare for ei tredje trikkelinje som skal gå frå Juvignac i vest til kysten (Lattes og Pérols) i søraust. Ho skal etter planen opnast i 2010, og vognene er teikna av moteskaparen Christian Lacroix.
Alle tre linjene vil møtast utanfor togstasjonen Gare Saint Roch.