M*A*S*H
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
M*A*S*H (Mobile Army Surgical Hospital) er ein tidlegare fjernsynsserie som vart inspirert av ein film med same namn. Utgangspunktet for historia er eit feltsjukehus, stasjonert i Korea under Koreakrigen. I Noreg er serien sendt både på NRK og TV 2.
Fjernsynsserien vart sendt i originalversjon på den amerikanske fjernsynskanalen CBS frå 17. september 1972 til 28. februar 1984 i til saman 251 episodar, dei fleste på ein halv time. Nokre episodar ein time lange, og siste episode varte i to og ein halv time. Serien vert framleis sendt i reprise over heile verda.
Som filmen var fjernsynsserien ein komedie, men med eit mørkare antikrigsbudskap bak. Mange av hendingane i serien kjem frå forteljingar frå verkelege hendingar frå verkelege M*A*S*H-kirurgar som vart intervjua av produksjonsteamet.