Lilje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liljeslekta |
||
Systematikk | ||
Rike: | Viridiplantae | |
Rekkje: | Magnoliophytina | |
Klasse: | Liliopsida | |
Orden: | Liliales | |
Familie: | Liliaceæ |
Liljer (lat. Lilium) er ei slekt av laukplantar som gjev store blomar. Ho er utbreidd i Eurasia og Nord-Amerika.
Plantane veks i store delar av Europa og Asia sørover til Nilgirifjella i India og Filippinane. I Amerika finn ein dei sør i Canada og i store delar av USA.
Dei store, prangande blomane har seks kronblad, ofte lukt, og finst i ei rekkje fargar frå kvitt til gult til raudt. Dei kan vera einsfarga eller mønstra.
Liljelaukar er stiverike og kan etast som rotfrukter, men mange av dei har ein bitter smak. Laukar som ikkje er bitre, som L. lancifolium, L. pumilum og særleg L. brownii, blir dyrka i stor skla i Kina som luksus- eller helsemat som hovudsakleg blir seld i tørka tilstand. Desse blir særleg etne om sommaren fordi dei har ein kjølande effekt på kroppen.
[endre] Annan bruk av ordet 'lilje'
Lilje blir òg brukt om store blomar i andre slekter, då gjerne i ei samansetjing, som vasslilje.
Kvinnenamnet Susanna er det hebraiske ordet for lilje.