Lars Ove Seljestad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Ove Seljestad (f. 5. mars 1961) er ein norsk sosiolog og forfattar. Han vart fødd i industristaden Odda. Etter den tid har han flytta mykje, men bur for tida i Bergen.
Som forfattar debuterte han i 2005 med romanen Blind. I likskap med forfattaren er hovudpersonen sosiolog og son av ein arbeidar ved Odda Smelteverk. I tillegg har han publisert boka Bastard, som er meir ein sjølvbiografi. Der skildrar han industrimiljøet i Odda, og korleis han føler dei med borgarleg bakgrunn ikkje passar inn i miljøet. Sjølv om det er ein biografi, er det mykje av det som står der som ikkje har rot i røynda. Mellom anna livlege beskrivingar om borgarlege som ikkje fann sin plass på smelteverket.
Seljestad skriv for det meste på nynorsk.
[endre] Utgjevingar
- 2006 - Bastard, blanding av sakprosa og skjønnlitteratur. ISBN 978-82-02-25500-8
- 2005 - Blind, roman. ISBN 82-02-24314-9
- 1997 - Arbeidsløyse som ressurs, nye vegar til arbeid og identitet Omarbeidd hovudoppgåve i sosiologi ISBN 82-521-4959-6