Løysingsevne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løysingsevna til eit stoff er den mengda av ei kjemisk sambinding som kan løysast i eit bestemt løysemiddel. Når løysninga er i jamvekt og det ikkje er mogleg å løysa meir stoff er ho ei metta løysning.
Løysingsevna kan vera ulik for same stoff, avhengig av kva løysemiddel det vert løyst i og temperaturen.
Me skil ofte mellom lettløyselege, tungtløyselege og uløyselege salt, men det er inga skarp grense mellom typane. Sjølv såkalla "uløyseleg" stoff løyser seg litt. For tungtløyselege stoff gir løysingsevneproduktet Ksp informasjon om kor mykje av stoffet som er løyst i ei metta løysning.
[endre] Sjå òg
- Løysing
- Løysingsevneproduktet
- Kjemisk jamvekt
![]() |
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kjemispirer. |