Kvantemekanikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvantemekanikken er ei grein innan fysikken. Han vart utvikla i perioden 1925–1928, som eit svar på at den klassiske mekanikken forutsa andre resultat enn dei målte i ein del avgjerande fall. Kvantemekanikken seier at i bundne fysiske system er materien i røynda kvantisert. Denne kvantiseringa går imidlertid over så små storleiksskalaer at den er vanskeleg å leggja merke til. For prosessar som involverer atomære og subatomære storleikar spelar kvantemekanikken ei avgjerande rolle, til dømes
- atomspektra
- radioaktivitet
- temperaturavhengig varmekapasitet i ein del stoff
- fotoelektrisk effekt
- superleiarar
[endre] Aksiomatisk oppbygging
Kvantemekanikken baserar seg på fire grunnleggjande postulat:
- Tilstanden til eit fysisk system kan skildrast fullstendig ved ein tilstandsfunksjon |Ψ>. Denne funksjonen må oppfylle Schrödingerlikninga.
- Alle observerbare storleikar på systemet kan lesast ut frå funksjonen |Ψ>. Til einkvar observerbar storleik A høyrer det i kvantemekanikken til ein lineær operator Â.
- Forventningsverdien av ein observerbar storleik A er gjeven ved <A> = <Ψ|Â|Ψ>. Altså kan vi rekne ut kva gjennomsnittet av fleire målingar vil bli ved hjelp av operatoren  og eit indre produkt mellom |Ψ> og den komplekskonjugerte <Ψ|.
- Ei måling av ein observerbar storleik A kan kun gje som resultat ein av eigenverdiane an til operatoren Â. Rett etter målinga er systemet i tilstanden Ψn svarande til den målte eigenverdien, men etter kvart kan systemet skli over til andre eigentilstandar.
[endre] Kvantemekaniske resultat
Eit av dei viktigaste resultata frå kvantemekanikken er Heisenbergs uskarpheitsrelasjon. Erwin Schrödinger spelte også ei viktig rolle i kvantemekanikken, og kom med Schrödingerlikninga.
[endre] Sjå også
- Fotoelektrisk effekt
- Plancks strålingslov
![]() |
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |