Kranspulsåre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kranspulsårene, òg kalla koronararteriane av latin cor hjarte, gjev blodforsyning til hjartemuskelen (myocard). Dei er ein del av kretsløpssystemet, men ein reknar som oftast koronarkretsløpet som eit eige kretsløp.
Kranspulsårene går av frå livpulsåra rett etter aortaklaffen. Det er stor variasjon i korleis dei ligg, men den vanlegaste varianten er ei åre til venstre og ei til høgre (lat. arteria coronaria cordis sinistra og dextra) frå livpulsåra. Kranspulsårene ligg i all hovudsak utanpå hjartet.
![]() |
Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over anatomispirer. |