Klitikon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klitikon er i lingvistikken namn på ein formativ som ikkje kan danne ord aleine, men som må stå til eit anna ord. Døme på klitika i norsk er kje, n, i e kan=kje gå ut no og ka sa=n då. Til skilnad frå affiks er klitika kjenneteikna ved at dei ikkje stillar krav til vertane sine, dei kan stå til kva ord det skal vere, jf. Ka trur du=n veit om det?. Suffiks kan derimot berre stå til visse bøyingsklassar, som n i båt-n, jf. *sol-n, *du-n.
Ein type klitika er dei såkalla Wackernagel-klitika, dei må stå på andreplass i setninga. Slike klitika har vi t.d. i finsk, der klitika som ko eller kö ("ja/nei-spørsmål) og han eller hän ("som du veit") berre kan hakte seg på den første konstituenten i setninga, t.d. Wikipediako sitä kutsutaan "Er det Wikipedia dei kallar det?" Suomihan on helppo kieli "Som du veit, er finsk eit lett språk". Wackernagelklitika finst i mange språk, og norsk subjekt-verb-inversjon (No fer vi / *No vi fer) er eit fenomen av same type.