On Amazon.it: https://www.amazon.it/Complete-Concordances-James-Bible-Azzur/dp/B0F1V2T1GJ/


Kinesisk språk - Wikipedia

Kinesisk språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kinesisk
(汉语/漢語;中文)
Klassifisering: Sino-tibetansk
 Sinittisk
  Kinesisk
Bruk
Tala i: Folkerepublikken Kina, Republikken Kina, Singapore, Indonesia, Malaysia, og i andre kinesisksamfunn verda rundt.
Område: Aust-Asia
Kinesisktalande i alt: 1,2 milliardar
Rangering: 1 (viss rekna som eitt språk)
Skriftsystem: Kinesisk
Offisiell status
Offisielt språk i: Folkerepublikken Kina, Republikken Kina, Singapore
Normert av: i Folkerepublikken Kina: ulike organ(på kinesisk)
Språkkodar
ISO 639-1: zh
ISO 639-2: chi/zho

Det kinesiske språket (汉语/漢語, 华语/華語, eller 中文; pinyin: hànyǔ, huáyǔ, eller zhōngwén) høyrer til den sinotibetanske språkfamilien. Sjølv om dei mange ulike variantane av kinesisk talespråk ofte blir rekna for eitt språk, kan skiljet mellom desse jamførast med skiljet mellom til dømes dei romanske språka. Skriftspråket har også endra seg over tid, men mykje seinare enn talespråket og har dermed mindre variasjon.

Om lag ein femtedel av folket i verda har ei form av kinesisk som morsmål, og dette er dermed det språket med flest morsmålsbrukarar i verda. Det kinesiske språket (slik det er tala på standard mandarin) er det offisielle språket til Folkerepublikken Kina og Republikken Kina (Taiwan), eitt av fire offisielle språk i Singapore, og eitt av dei seks offisielle språka til dei sameinte nasjonane.

Uttrykk og konsept som kinesarar nyttar for språk er ulike dei som vert brukte i vesten. Dette er dels på grunn av den sameinande effekten dei kinesiske teikna har, dels på grunn av ulikskapar i politisk og sosial utvikling i Kina samanlikna med Europa. Europa kløyvde seg etter Romarriket gjekk under og fekk mange små nasjonalstatar, og identiteten til desse vart ofte definert gjennom språket. Kina klarte derimot å halda fram eit kulturelt og politisk samhald i den same perioden.

«Zhongwen» ('Kinesisk (skrift)språk', pinyin zhōngwén) skrive med kinesiske teikn
«Zhongwen» ('Kinesisk (skrift)språk', pinyin zhōngwén) skrive med kinesiske teikn

Ein stor skilnad mellom kinesiske språkkonsept og vestlege konsept er at kinesarar skil tydeleg skriftspråk (wén) frå talespråk (). I tillegg skil dei mellom skrivne ord () og talte ord (huá). Tanken om eit særskilt hopehav mellom skrift- og talespråk er sterkare i Vesten enn i Kina. Det fins mange variantar av kinesisk talespråk, den mest framståande er mandarin. Det fins likevel berre eitt sameina skriftspråk, med to noko ulike system i bruk (sjå nedanfor).

Kinesisk talespråk er eit tonelagsspråk og er i slekt med tibetansk og burmesisk, men er ikkje i slekt med nabospråka koreansk, vietnamesisk, thailandsk eller japansk. Desse språka har likevel vorte påverka av kinesisk gjennom tidene. Koreansk og japansk nyttar kinesiske teikn i skriftspråka sine, då kalla hanja og kanji. I Nord-Korea nyttar ein ikkje lenger hanja, og hangul er der den einaste skrifta. I Sør-Korea nyttar ein hanja som ein slags utheva tekst. Vietnamesisk har også mange kinesiske låneord, men bruker ikkje lenger kinesiske teikn.

[endre] Kinesisk talespråk

Språkforskarar flest klassifiserer all variantane av kinesisk under den sinotibetanske språkfamilien. Dei trur at det eksisterte eit urspråk (tilsvarande protoindoeuropeisk) som alle dei sinittiske og tibetokarenske språka har opphavet sitt frå. Samanhengen mellom kinesisk og dei andre sino-tibetanske språka er ennå uklar og vert forska mykje på. Forskarar forsøker å rekonstruera protosinotibetansk. Det største problemet er at sjølv om det fins god dokumentasjon som hjelper oss i å rekonstruera lydane av antikk kinesisk, så finst det ingen skriftleg dokumentasjon på skiljet mellom protosinotibetansk. I tillegg så er mange av dei andre språka som kunne ha hjelpt oss i rekonstrueringa av proto-sino-tibetansk dårleg dokumenterte og forstått.

Ulike typar kinesisk språk.
Ulike typar kinesisk språk.

Kartet til høgre syner undergrupperingane av kinesisk. Desse vert ofte kalla dialektar, sjølv om lingvistisk sett dei kan sjåast på som ulike språk. Dei sju hovudgruppene er mandarin (sjå linjene trukke frå Beijing), Wu (inkl. shanghaiesisk), Xiang, Yuè (kantonesisk), Gan, Hakka og Min. Språkforsksarar deler denne siste gruppa i opp til 5 eller 7 undergrupper, alle med språk som er gjensidig uforståelege. Språkforskarar som skil mellom ti i staden for sju hovudgrupper skil jin frå mandarin, ping frå yue, og hui frå wu. Der finst også mange andre mindre grupper som gjer klassifisering forvirrande. Desse inkluderer blant anna dungan, ein nordvestleg mandarindialekt talt av muslimar av kinesisk opphav som bur i Kirgisistan, danzhou-hua talt på Hainan, xiang-hua 乡话 (ikkje det same som xiang 湘) talt i vestre Hunan, og shaozhou-tuhua talt i nordre Guangdong.

I tillegg til skilja nemnde ovanfor, finst det òg Putonghua og Guoyu, namna på dei offisielle språka respektivt i Folkerepublikken Kina og i Republikken Kina. Begge desse er baserte på mandarindialekten slik ein snakkar i Beijing og vert brukt som eit lingua franca. Dette er derfor stats-, media- og undervisingsspråket i begge desse landa.

Der er ein strid om terminologien som vert brukt for å skildra dei ulike undergruppene til kinesisk. Nokre føretrekk å kalla kinesisk eit språk og undergruppene dialektar, medan andre føretrekk å kalla kinesisk ein språkfamilie og undergruppene språk. Meir om denne debatten finn du nedanfor. På den andre sida, sjølv om Dungan ligg veldig nære mandarin, er det ikkje mange som reknar det som «kinesisk» sidan det er skrive på kyrillisk, og talt av dunganfolket utanfor Kina, eit folk som ikkje vert rekna for å vera kinesisk på nokon måte.

Det er vanleg at kinesisktalande snakkar fleire variantar av språket. Til dømes kan ein person i Sør-Kina ofte snakka Putonghua, den lokale språkvarianten i tillegg til ein annan regional dialekt, som til dømes kantonesisk. Fleirspråklege personar som dette kodeveksla mellom dei ulike språka avhengig av situasjonen. Av og til vert dei ulike dialektane blanda med kvarandre, avhengig av geografisk påverknad. Ein person som bur på Taiwan til dømes blandar ofte uttale, frasar og ord frå mandarin og taiwansk. Denne blandinga er sosialt akseptert i mange tilfelle.

[endre] Er kinesisk eit språk eller ein språkfamilie?

Kinesisk talespråk er sett saman av mange regionale og gjensidig uforståelege variantar. I Vesten kjenner mange til korleis dei romanske språka alle kjem frå latin og har dermed mange liknande eigenskapar sjølv om dei er gjensidig uforståelege. Den kinesiske lingvistiske evolusjonen er liknande, men den sosiopolitiske samanhengen er ganske ulik.

Politisk oppstykking i Europa skapte uavhengige nasjonalstatar som er nokolunde like store som dei kinesiske provinsane. Dette skapte eit politisk ønske om å danna separate kulturelle og literære mål mellom nasjonalstatane. Språka vart standardiserte innan kvar stat.

I Kina eksisterte det heile tida ein kulturell og literær standard, sjølv om det på same tida ikkje eksisterte noko særskilt ønske om å standardisera talespråket mellom dei ulike byane og fylkene. Dette resulterte i ein lingvistisk kontekst som er svært ulik den ein ser i Europa, og dette har hatt sterk påverknad i korleis ein skildrar dei ulike variantane av kinesisk talespråk.

Det var til dømes vanleg at språket til ein nasjonalstat vart standardisert til slik ein tala i hovudstaden. Dette gjorde det lett å klassifisera språk som til dømes fransk og spansk, og var med på å skjerpa dei lingvistiske ulikskapane. Ein bonde på den eine sida av grensa byrja å modellera språket sitt etter slik ein snakka i Paris, medan ein bonde på andre sida fekk meir av ein Madrid-dialekt. Dette skjedde ikkje i Kina, så kategorisering av variasjonar kan vera vanskeleg, delvis fordi ulike dialektar blandar seg med kvarandre. På grunn av dette er språkforskarar ueinige med kvarandre om klassifisering.

På grunn av dette, ser kinesarar generelt sett på kinesisk som eitt språk. For å beskriva dialekter bruker kinesarar vanlegvis stadsmål, til dømes som i Beijing hua (北京話/北京话) eller beijingmål, eller Shanghai hua (上海話/上海话) eller shanghaimål. Folk flest er dermed ikkje klar over korleis desse ulike hua er kategoriserte som "språk" basert på gjensidig forståing. Derfor, sjølv om mange naboprovinsar i Nord-Kina har ganske likt talespråk, medan folk i naboprovinsar i Sør-Kina kan ha problem med å forstå kvarandre, blir alle desse språkvariantane rekna som ulike hua, likestilte variantar av eitt kinesisk talespråk.

På grunn av denne oppfatninga om eitt kinesisk talespråk av majoriteten av dei kinesisktalande, nyttar mange språkforskarar denne definisjonen og reknar kinesisk som eitt språk og variasjonan som dialektar. Andre brukar krav om forståing mellom språkbrukarar for å definere frå sju til sytten ulike slektande «språk» under språkgruppa kinesisk, alle med variasjonar ein kan samanlikna med variasjonane i dei romanske språka.

Det bør også merkjast at dette skiljet kan ha politiske overtonar. Å rekna kinesisk som ulike språk kan implisera at Kina faktisk skulle ha vore mange ulike nasjonar, og at Hàn-folket faktisk er samansett av fleire ulike rasar. På grunn av er det mange kinesarar som ikkje trivst med denne tankegangen fordi dei er redde for at han kan legitimisera lausrivingsrørsler. Tilhengjarar av taiwansk uavhengigheit driv til dømes fram Min- og Hakka-undervising.

Samanhengane mellom etnisitet, politikk og språk kan likevel vera meir komplekse enn dette. For dei som snakkar wu, min, hakka, eller yue og reknar desse som eigne talespråk, men likevel ser på det kinesiske folket som ei eining, ser ikkje på det som ei motseiing. I tillegg erklærer Folkerepublikken Kina offisielt at Kina er ein multinasjonal nasjon, og at termen kinesisk inkluderer grupper som ikkje snakkar kinesisk i det heile teke. Dei som snakkar kinesisk vert kalla hankinesarar, noko som er eit etnisk og kulturelt konsept, ikkje eit politisk konsept. På same måte kan ein finne tilhengjarar av kinesisk samanslåing som også er interesserte i å driva fram dei lokale måla, og tilhengjarar av taiwansk uavhengigheit som er lite interesserte i dette temaet.

Static Wikipedia March 2008 on valeriodistefano.com

aa   ab   af   ak   als   am   an   ang   ar   arc   as   ast   av   ay   az   ba   bar   bat_smg   bcl   be   be_x_old   bg   bh   bi   bm   bn   bo   bpy   br   bs   bug   bxr   ca   cbk_zam   cdo   ce   ceb   ch   cho   chr   chy   co   cr   crh   cs   csb   cv   cy   da   en   eo   es   et   eu   fa   ff   fi   fiu_vro   fj   fo   fr   frp   fur   fy   ga   gd   gl   glk   gn   got   gu   gv   ha   hak   haw   he   hi   ho   hr   hsb   ht   hu   hy   hz   ia   id   ie   ig   ii   ik   ilo   io   is   it   iu   ja   jbo   jv   ka   kab   kg   ki   kj   kk   kl   km   kn   ko   kr   ks   ksh   ku   kv   kw   ky   la   lad   lb   lbe   lg   li   lij   lmo   ln   lo   lt   lv   map_bms   mg   mh   mi   mk   ml   mn   mo   mr   ms   mt   mus   my   mzn   na   nah   nap   nds   nds_nl   ne   new   ng   nl   nn   nov  

Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu