Kalmarunionen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalmarunionen er ei nemning på personalunionen mellom Danmark, Sverige og Noreg mellom 1397 og 1523. Kongeriket Sverige styrde over delar av det seinare Finland. Kongeriket Noreg styrde over Færøyane, Island og Grønland. Dei tre kongerika hadde ein sams monark, men hadde eigne riksråd. Sverige var misnøgd med unionen, og Danmark si sterke makt. Den 6. juni 1523 vart Gustav Vasa vald til konge av Sverige, og Kalmarunionen braut saman. Unionen mellom Danmark og Noreg heldt fram, som Danmark-Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Byrjinga
Kong Albrekt av Mecklenburg var innblanda i ei arvsstrid om arvet etter Bo Jonsson. Albrekts motstandar, delar av den svenske høgadelen, søkte i denne konflikten hjelp av Margrete Valdemarsdatter, Danmark og Noregs regent. Saman styrta dei svenske rebellane og danskane kong Albrekt i 1389. Som eit resultat av dette skapa dronning Margrete ein union av Danmark, Sverige og Noreg i Kalmar. Den 17. juni i 1397 krona dronning Margrete nevøen Erik av Pommern til konge over alle dei tre nordiske landa.
Dronning Margrete og seinare Erik heldt derimot ikkje løfta sine til høgadelen særskilt bra. Dessutan måtte bøndene betala ekstra skatt, og krig mot importland minska den svenske eksporten. I 1434 resulterte dette i Engelbrektsopprøret.
[endre] Konfliktar
Det var utbreidd misnøye i Sverige med unionen, og det av fleire grunnar. Ein grunn var sentraliseringa av makta til Danmark, ei anna var Danmark sin stadige krig med Schleswig, Holstein, Mecklenburg og Pommern, eit stadig irritasjonsmoment for den svenske jerneksporten til kontinenta. Vidare bidrog dei danske futane til misnøye gjennom den tøffe skattlegginga av dei allereie hardt råka svenske bøndene. Dessutan fanst det framleis tvistar der avtalar hadde blitt inngått men ikkje komme til gjennomførte. Engelbrekt Engelbrektsson leidde ei tid ein del av folket i opprør mot danskane sitt velde i Sverige. Det svenske aristokratiet sitt krav på suverenitet voks seg sterkare i dei fleste ledda inntil Kristian II, den dåverande kongen i unionen, gjorde ein utrensking i Sverige under Stockholms blodbad i 1520.
[endre] Oppløysinga
Stockholms blodbad gjorde at svenskane enda ein gong prøvde å driva ut danskane, og dei lyktest med dette i 1521. 6. juni 1523 blei Gustav Vasa valt til konge over Sverige, som då blei eit suverent monarki igjen. Danmark beheldt kontrollen over Noreg heilt fram til 14. januar 1814, då Noreg blei gitt til Sverige i utbytte mot Pommern.