On Amazon.it: https://www.amazon.it/Complete-Concordances-James-Bible-Azzur/dp/B0F1V2T1GJ/


Kérkyra - Wikipedia

Kérkyra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kérkyra
Lokalt namn: Κέρκυρα
Den vetle øya Pontikonisi i bakgrunnen med klosteret Vlaheraina føre.
Den vetle øya Pontikonisi i bakgrunnen med klosteret Vlaheraina føre.
Geografi
Stad Det joniske havet
Koordinatar 39°37′N 19°49′EKoordinatar: 39°37′N 19°49′E
Øygruppe Dei joniske øyane
Areal 580 km²
Høgaste punkt Pantokrator (906 m)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Prefektur
Dei joniske øyane
Kérkyra
Største busetnad Kérkyra by (38 185 innb.)
Demografi
Folketal 111 975 (2001)
Folketettleik 176 /km²

Kérkyra eller Korfu (gresk: Κέρκυρα, i antikken Κέρκυρα eller Κόρκυρα, italiensk Corfu (óg nytta på mange andre språk)) er ei øy i Det joniske havet i Hellas. Ho ligg utafor kysten av Albania og mellom øya og fastlandet går det eit 3 til 23 km breidt sund. Øya er ein del av Kérkyra prefektur. Hovudbyen på øya og i prefekturet er Kérkyra by. Her ligg mellom anna Det joniske universitetet. Øya har ei rik historie som er nært knytt til den greske historia med start i gresk mytologi.

Det greske namnet Kerkyra er knytt til to mektige symbol på vatn: havguden Poseidon og Asopos, ei viktig elv på det greske fastlandet. I følgje mytene skal Poseidon ha forelska seg i den vakre nymfa Korkyra, dottera til Asopos og elvenymfa Metope, og bortførte ho, som var ein vanleg handling for gudar på denne tida. Poseidon førte ho til Korfu, som då ikkje hadde namn enno. Han tilbydde seg å kalla øya opp etter ho, som etter kvart utvikla seg til Kerkyra. Saman fekk dei bornet Faiax, som innbyggjarane på øya er kalla opp etter: Faiakarar (på latin Phaeacius).

Historia om øya er full av slag og erobringar, noko ein kan sjå igjen i alle borgene og festningane på strategiske stader rundtom på øya. To av desse festningane ligg rundt byen. Det er den einaste byen i Hellas som er omgjeve av to festningar på denne måten, og vert derfor offisielt kalla ein Kastropolis (Festningsby) av den greske regjeringa.[1] I 2007 vart gamlebyen i Korfu by ein del av UNESCO si verdsarvliste.[2]

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Ein del av gamlebyen sett ovanfrå
Ein del av gamlebyen sett ovanfrå
Kart over Korfu. Øyane rundt er Ereikousa i nordvest, Othoni i vest-nordvest og Mathraki i vest på eine sida, og Paxos og Antipaxos på søraustsida. I nordaust (til høgre) ligg eit smalt sund mellom øya og den albanske kysten. Den grå linja på kartet viser grensa mellom Hella og Albania.
Kart over Korfu. Øyane rundt er Ereikousa i nordvest, Othoni i vest-nordvest og Mathraki i vest på eine sida, og Paxos og Antipaxos på søraustsida. I nordaust (til høgre) ligg eit smalt sund mellom øya og den albanske kysten. Den grå linja på kartet viser grensa mellom Hella og Albania.

Namnet Corfu er ein italiensk variant av det austromerske Κορυφώ (Koryfō), som tyder «byen ved toppane», som igjen kjem av det greske Κορυφαί (Koryfai), som tyder «fjelltopp» og som viser til dei to toppane som festningane står på rundt byen.[1] Øya er om lag 60 km lang og på det breiaste 30 km. Arealet er estimert til 580 km². To høge fjellkjeder deler øya i tre område, der det nordlege er fjellkledd, det sentrale område meir bølgjande og det sørlege området er lågtliggande. Den viktigaste av dei to kjedene er San Salvador (Αγιος Σωτήρας) som strekk seg frå aust til vest mellom Kapp St. Angelo til Kapp St. Stefano, og er kalla opp etter den høgaste toppen i fjellkjeda. I den andre fjellkjeda er Santi Jeca eller Santa Decca høgast. Heile øya består av forskjellige kalksteinsformasjonar. Ein har strender i Agii Gordi, Korissilagunen, Agios Georgios, Marathia, Kassiopi, Sidari, Roda, Palaiokastritsa og fleire andre stader. Korfu ligg nær forkastinga Kefalonia og vert derfor stundom råka av jordskjelv.

[endre] Kyst og strender

Kystlinja er om lag 217 km inkludert nes. Det høgaste punktet er Pantokrator (906 m), og det nest høgaste er Stravoskiadi (849 m). Av nes og odder finn ein Agia Aikaterini og Drastis i nord, Lefkimmi og Asprokavos i søraust og Megachoro i sør. Midt i Gouviabukta ligg det ei øy, som strekk seg langs det meste av austkysten av øya. Øya vert kalla Ptykhia.

[endre] Flora

Homer nemner sju planter på Korfu: villoliven, oljeoliven, pære, granateple, eple, fiken og druer. Av desse er i dag eple- og pæretre utbreidd på øya, i tillegg til kumquat, mispel og fikenkatus. Somme stader veks det óg bananer. Andre planter er myrt, jordbærtre, laubærtre og kristtorn.

[endre] Jordbruk

Øya har igjen vorte ei viktig anløpshamn og har ein omfattande handel med olivenolje.

Rådhuset på Korfu
Rådhuset på Korfu

[endre] Gamlebyen

Byen Korfu by ligg på ein brei del av halvøya. Gamlebyen har vakse fram mellom festningsverka, der kvar einaste meter var verdifull, og består av ein labyrint av smale brusteinsgater. Desse gatene vert kalla «kantounia» (gresk: καντούνια) og mange av dei er for smale for kjøretøy. Det ligg ein promenade ved sjøen mot Garitsabukta (Γαρίτσα), i tillegg til ein vakker esplanade mellom byen og festingen kalla «Liston» (gresk: Λιστόν) der ein finn restaurantar og kaféar.

[endre] Historie

[endre] Tidleg historie

I følgje dei lokale segnene var Korkyra (Κόρκυρα) den homerske øya Skheria (Σχερία), og dei første innbyggjarane var faiakarane (Φαίακες). På eit tidspunkt vart uansett øya kolonisert med folk frå Korint, men det ser ut til at folk frå Eretria busette seg her på eit tidlegare tidspunkt. Plasseringa til Korfu gjorde ho til eit glimrande utgangspunkt for handel mellom Hellas og resten av vesten, noko som førte til raskt vekst, kanskje påverka av andre innbyggjarar enn korintarar, som var ganske fiendtleg innstilt mot moderbyen. Tidleg på 600-talet oppstod dei første slaga mellom dei to flåtane, noko som var det første marine slaget i gresk historie (omkring 664 fvt.) Det heile enda med at den korintiske tyrannen Periandros (Περίανδρος) erobra øya. Øya fekk derimot snart tilbake sjølvstende sitt og hengav seg fullstendig til handelsforhold. Under den persiske invasjonen i 480 fvt hadde Korfu den nest største greske flåten (60 skip), men tok ikkje aktivt delt i krigen. I 435 fvt. var øya igjen i konflikt med Korint og søkte assistanse hos Athen. Denne nye alliansen var ein av årsakane til den peloponnesiske krigen der Korfu vart nytta som marinebase av athenarane, men medverka lite med sin eigen flåte. Under felttoget mot Sicilia fungerte Korfu som forsyningsbase for athenarane. Athenarane prøvde fleire gongar å innføre oligarki på Korfu, slik at ho på den måten vart ein del av Athen, men mislukkast ved tre høve. Etter det tredje tilfellet trakk Korfu seg frå krigen mot sicilianarane. I 375 fvt. vart Korfu igjen med i ein athensk allianse, og to år seinare vart ho omleira av Sparta. Dei klarte derimot å holde ut fram til dei fekk hjelp utanfrå. I den hellenistiske perioden var Korfu utsett for åtak frå fleire sider.

I 303 fvt. etter ei omleiring av Kassander som ikkje førte fram, vart øya erobra ein kort periode av general Kleonymos frå Sparta, men fekk tilbake sjølvstende sitt før ho vart erobra på ny av Agathokles. Han gav Korfu som medgift til dotter si Lanassa då ho gifta seg med Pyrrhus, konge av Epiros. Øya vart så medlem av den epirotiske alliansen. Det var kanskje då at busetnaden Kassiope vart grunnlagd for å fungere som base for kongen av Epiros sine ekspedisjonar. Øya vart verande under epirotisk kontroll fram til 255 fvt. då Alexander, den siste kongen av Epiros, døydde. Ho vart så teke av illyriske sjørøvarar og i 229 fvt. vart ho ein del av Den romerske republikken. Romarane gjorde Korfu til ein marinebase og gav ho status som fri stat. I 31 fvt. var ho base for keisar Augustus då han kjempa mot Marcus Antonius.

[endre] Mellomalderen

Nordsida av den gamle festningen om kvelden.
Nordsida av den gamle festningen om kvelden.

Då Nikopolis vart grunnlagd søraust for Korfu vart øya i lang tid uviktig. Då normannarane danna kongedømet på Sicilia og den italienske marinen vart styrka vart øya igjen utsett for fleire åtak. I 1081-1085 vart ho halde av Robert Guiscard, i 1147-1154 av Roger II av Sicilia. Då Austromarriket braut saman vart ho okkupert av genuesiske kaparar (1197-1207) som igjen vart drive bort venetianarane. I 1214-1259 gjekk ho til dei greske despotane av Epiros, og i 1267 til det napolitanske huset Anjou. Det svake styret til Anjou førte til at mange gjorde plyndringstokt på Korfu, og i 1386 vart dei verna av Venezia, som formelt tok over øya i 1401.

[endre] Tyrkarane

Korfu vart verande under Venezia fram til 1797, men med omleiringar i 1537, 1571, 1573 og 1716 prøvde osmanarane å ta øya, men kvar gong haldt venetianske festningsverka stand. Dei sterke festningsverka rundt om på øya gjorde at osmanarane aldri klarte å ta øya, og Korfu vart derfor den siste frie greske bastion fram til Konstantinopels fall.

[endre] Tidleg kontakt

Tyrkarane gjorde tidleg forsøk på å ta øya, første gong i 1431 då tyrkiske troppar under Ali Bey gjekk i land på øya. Dei prøvde å ta borga og plyndra dei omliggande områda, men vart driven bort.[3]

[endre] Omleiringa i 1537

Dette var den første store omleiringa av tyrkarane. Ho starta 29. august 1537 då 25 000 soldatar frå den tyrkiske flåten gjekk i land, plyndra øya og tok 20 000 gislar som slavar. Trass i øydeleggjingane av landsbygda haldt festningsverka stand og tyrkarane forlot øya på grunn av dårleg logistikk og ein epidemi som tynna ut troppen deira.[3]

[endre] Omleiringa i 1571
Angelokastro på Korfu. Dette var austromerske festningsverk som motstod dei tyrkiske åtaka i 1571.
Angelokastro på Korfu. Dette var austromerske festningsverk som motstod dei tyrkiske åtaka i 1571.

Trettifire år seinare i august 1571 returnerte tyrkarane i eit nytt forsøk på å erobre øya. Etter å ha erobra Parga og Mourtos på det greske fastlandet gjekk dei til åtak på Paxos med drap, plyndring og brann. Etter dette gjekk dei i land på søraustsida av Korfu og oppretta eit stor bruhovud frå sørenden av øya ved Lefkimi til Ipsos midt på den austlege sida av Korfu. Desse områda vart grundig plyndra og brend, men igjen stod byfestningen fast. Ein annan festning kalla Angelokastro (gresk: Αγγελόκαστρο), bygd av austromarane, haldt óg stand.

Desse tyrkiske nederlaga på aust- og vestsida av øya vart avgjerande og tyrkarane forlot igjen øya.

[endre] Omleiringa i 1573

To år seinare prøvde tyrkarane seg igjen. Dei kom frå eit vellukka felttog i Afrika og gjekk i land på Korfu der dei igjen raserte landsbygda. Troppane deira var derimot ikkje kjend for sin disiplin, og etter eit mottåtak vart dei tvunge bort nok ein gong.[3]

[endre] Omleiringa i 1716

Dette var den andre store omleiringa av Korfu og fann stad i 1716 under den siste tyrkisk-venetianske krigen. Etter å ha erobra Peloponnes i 1715 kom den osmanske flåten til Butrinto ovanfor Korfu. 8. juli segla den tyrkiske flåten med 33 000 soldatar til Korfu og oppretta eit bruhovud ved Ipsos.[3] Same dag møtte den venetianske flåten den tyrkiske i sundet utafor Korfu og slo dei i det påfølgande sjøslaget. 19. juli, etter å ha tatt nokre mindre festningsverk, nådde den osmanske hæren Korfu by og omleira han. Trass i fleire åtak og krafige kampar klarte ikkje tyrkarane å slå seg gjennom festningsmurane og trakk seg tilbake etter 22 dagar. [3][1][4] Desse sigrane kom i stor grad av dei omfattande festningsverka. Dette var svært populær i Europa og Korfu vart sett på som ein bastion for den vestlege verda mot Det osmanske riket. I dag er derimot denne rolla stort sett ukjend eller ignorert.

[endre] Venetiansk politikk

Dei venetianske føydalfamiliane dreiv ein mild, men noko enerverande politikk mot dei innfødde, som byrja å blande sin eigen nasjonalitet med den latinske og brukte det nye namnet Corfu. Innbyggjarane fekk lov å dyrke oliven, men fekk ikkje lov å drive handel i konkurranse med Venezia. Øya fungerte som tilhaldsstad for greske lærde og i 1732 vart det første akademiet i det moderne Hellas oppretta her.

[endre] 1800-talet

Musikkpavillionen på Korfu med Palaia Anaktora i bakgrunnen.
Musikkpavillionen på Korfu med Palaia Anaktora i bakgrunnen.

Etter Campo Formio-traktaten vart Korfu avstått til Frankrike, som okkuperte øya i to år før dei vart drive bort av ein russisk-osmansk skvadron under Admiral Usjakov. Ei kort tid vart Korfu by hovudstad i den sjølvstyrte Republikken Dei joniske øyane under osmansk overhøgd. Etter Tilsittraktaten i 1807 vart regjeringa igjen erstatta med ein fransk administrasjon, og i 1809 vart ho omleira av ein britisk flåte, som hadde tatt alle dei andre joniske øyane. Etter Paristraktaten i 1815 vart Dei joniske øyane eit protektorat under Storbritannia som Dei sameinte joniske øyane og Korfu vart sete for ein britisk høgkommisær. Dei britiske høgkommisærane styrte strengt, noko som førte til materiell framgong, men misnøgde innbyggjarar. 29. mars 1864 signerte Storbritannia, Hellas, Frankrike og Russland Londontrakten, som gav Hellas suverenitet, og 28. mai same året vart Dei joniske øyane igjen greske. [3]

[endre] Den første verdskrigen

Under den første verdskrigen vart øya ein tilfluktsstad for den serbiske hæren, som trakk seg tilbake her på allierte skip frå heimlandet som var okkupert av Austerrike og Bulgaria. Under opphaldet døydde ein stor del av dei serbiske soldatane av utmatting, matmangel og ymse sjukdommar. Dei fleste fekk ei sjøgrav nær øya Vido, ei lita øy utafor hamna på Korfu. Eit minnesmerke er reist av det serbiske folket som takk for den greske hjelpa.[5]

[endre] Den andre verdskrigen

[endre] Italiensk okkupasjon

Maitlandmonumentet på Korfu
Maitlandmonumentet på Korfu

Under den andre verdskrigen bestod det tiande infanteriregimentet i den greske hæren stort sett av soldatar frå Korfu,[6] og fekk i oppgåve å forsvare Korfu. Regimentet tok del i Operasjon Latzides, som var eit heltmodig men til slutt nytteslaust forsøk på å stoppe tyskarane. [6] Etter at Hellas overga seg til Tyskland kom øya under italiensk kontroll og vart okkupert.[6] Den første søndagen i november 1941 gjorde studentar frå vidaregåande skular frå heile Korfu opprør, og var det første sporet til gresk motstandsrørsle i det okkuperte Hellas. Mange innbyggjarar flykta etter dette til Epiros og melde seg som partisanarar i ELAS og EDES for å hjelpe motstandsrørsla på fastlandet.[6]

[endre] Tysk okkupasjon og holocaust

Etter den italienske fascismen sitt fall i 1943 tok nazistane kontroll over Hellas. 14. september 1943 vart Korfu bombardert av Luftwaffe, som nytta napalmliknande brannbomber. Desse øydela kyrkjer, heimar og heile bykvartal, særleg i den jødiske bydelen Evraiki, og mange viktige bygningar, som det joniske parlamentet, kommunetateret og andre.[6] Italienarane kapitulerte og øya kom under tysk okkupasjon. Korfu sin borgarmeister på denne tida, Kollas, var kjend for å samarbeide med tyskarane og innførde forskjellige antisemittiske lover.[7] Tidleg i juni 1944, medan allierte bomba Korfu som ei avleiing for Operasjon Overlord i Normandie, samla Gestapo saman jødane i byen og sperra dei inne i den gamle festningen (Palaio Frourio). 10. juni vart dei send til Auschwitz der svært få overlevde.[7][8] Om lag 200 av total 1 900 klarte å røme.[9] Mange av dei lokale innbyggjarane gøymde dei 200 jødane som kom seg unna nazistane.[10] Ein framtredane del av gamlebyen heiter framleis Evraiki (Εβραική, som tyder «det jødiske kvarteret»).

[endre] Frigjering

Korfu vart frigjort av britiske troppar som gjekk i land på Korfu den 14. oktober 1944, medan tyskarane evakuerte frå øya. Korfu vart så ein stad for kvile og reparasjon for dei britiske styrkane mot slutten av krigen. Korfusundet vart sveipa for miner i 1944 og 1945, men ingen vart funne. Eit stort minefelt vart derimot lagt der kort tid etter av det nye kommunistiske Albania.

[endre] Det moderne Korfu

Etter den andre verdskrige og den greske borgarkrigen vart øya bygd opp att og mange element frå den klassiske arkitetkuren vart rekonstruert. Økonomien betra seg, men mange innbyggjarar forlot øya. Landsbyane fekk elektrisitet på 1950-talet. Det joniske universitet vart oppretta i 1984.

[endre] Korfu i mytologien

Det var på Korfu at Herkules, like før han la ut på sine ti oppgåver, låg med naiaden Melite og ho gav han sonen Hyllos, leiaren av Herakleidane.[11]

Korfu skal visstnok óg vere staden der argonautane fann tilflukt frå den hemnlystne Kolkhis-flåten etter at dei hadde tatt Det gyldne skinnet.[3]

Ei anna kjend sjøsegn er Homer sin Odyssen. Kerkyra er øya til faiakarane der Odyssevsmøter Nausikaa, dottera til kongen Alkinoos.

Bukta Palaiokastritsa vert rekna som staden der Odyssevs gjekk i land og møtte Nausikaa for første gong.

[endre] Turisme

Den kjende standa ved Canal D'Amour i Sidari ein vindfull dag.
Den kjende standa ved Canal D'Amour i Sidari ein vindfull dag.

Korfiotane har ei lang historie som fiendtlege mot utanlandske innbyggjarar og vitjande. Noko italiensk kultur og matvanar er adoptert, noko ein særleg kan sjå i august då italienske ferierande kjem i store mengder. Nordaustkysten er hovudsakleg utvikla av eit par britiske ferieselskap. Nord- og austkysten har dei fleste feriestadande for pakketuristar, medan dei indre områda har relativt lite turisme.

[endre] Klima

Klima Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Daglege soltimar (normal) 4 5 7 7 9 10 12 11 9 6 4 2
Maks. temperatur [°C] 14 15 16 19 23 28 31 32 28 23 19 16
Min. temperatur [°C] 13 13 14 15 18 22 23 24 23 21 17 14
Nedbør (mm) 13 11 9 7 5 2 1 1 5 9 12 15

[endre] Landsbyar på Korfu

Landsby Region Plassering
Agios Athanasios Gyros Nordvest
Agios Mathaios Messi Sentralt
Ano Korakiana Faiakon Nordaust
Kavos Lefkimmi Sør
Lefkimmi Lefkimmi Sør
Pagi Gyros Nordvest

[endre] Sjå óg

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Kérkyra

[endre] Kjelde


Dei joniske øyane

Andikýthira  • Andípaxi • Arkoudi • Atokos • Drakonera • Elafonisos • Erikoússa • Itháki • Kalamos • Kastos • Kefallinía • Kérkyra • Kravia • Kýthira • Kythros • Lazaréto • Levkáda • Makri • Makropoula • Mathraki • Meganisi • Modiaøyane • Othoní • Oxía • Paxí • Petalas • Pistros • Pontikos • Provati • Skorpios • Sparti Levkados • Strofades • Vído • Vromonas • Zákynthos

Static Wikipedia March 2008 on valeriodistefano.com

aa   ab   af   ak   als   am   an   ang   ar   arc   as   ast   av   ay   az   ba   bar   bat_smg   bcl   be   be_x_old   bg   bh   bi   bm   bn   bo   bpy   br   bs   bug   bxr   ca   cbk_zam   cdo   ce   ceb   ch   cho   chr   chy   co   cr   crh   cs   csb   cv   cy   da   en   eo   es   et   eu   fa   ff   fi   fiu_vro   fj   fo   fr   frp   fur   fy   ga   gd   gl   glk   gn   got   gu   gv   ha   hak   haw   he   hi   ho   hr   hsb   ht   hu   hy   hz   ia   id   ie   ig   ii   ik   ilo   io   is   it   iu   ja   jbo   jv   ka   kab   kg   ki   kj   kk   kl   km   kn   ko   kr   ks   ksh   ku   kv   kw   ky   la   lad   lb   lbe   lg   li   lij   lmo   ln   lo   lt   lv   map_bms   mg   mh   mi   mk   ml   mn   mo   mr   ms   mt   mus   my   mzn   na   nah   nap   nds   nds_nl   ne   new   ng   nl   nn   nov  

Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu