Jarle Vespestad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jarle Vespestad er ein norsk trommeslagar. Han har delteke i ei rad prosjekt og samarbeid, mellom anna med Sigurd Køhn, Stian Carstensen, Silje Nergaard, Supersilent og Tord Gustavsen.
Vespestad har musikkutdanninga si frå Toneheim folkehøgskole (1987-88) og jazzlinja ved Trøndelag Musikkonservatorium, der han tok eksamen i 1990.
Han har vore med i desse musikkgruppene:
- Veslefrekk (1989 - 1997)
- Farmers Market (1991 - )
- Jazzmob (1998 - )
- Petter Wettre Trio (The Trio) (1995 - )
- Supersilent (1997 - )
- Tord Gustavsen Trio
![]() |
Denne artikkelen om ein musikar er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikarspirer. |