Istanbul
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Istanbul (İstanbul) er den største byen i Tyrkia, med kring 13 millionar innbyggjarar i storbyområdet. Byen er delt i tre delar. Gamlebyen og den moderne europeiske delen ligg på kvar sin side av Det Gyldne Hornet. Den asiatiske delen ligg på andre sida av Bosporusstredet. Såleis ligg byen både i Asia og Europa. Istanbul hadde tidlegare Konstantinopel som bynamn, men namnet vart offisielt endra i 1930. Mange omtalar framleis byen som Konstantinopel. Konstantinopel var hovudstad i det bysantinske riket, òg kalla Austromarriket. Byen vart gjort til hovudstad av keisar Konstantin I av Romarriket (Konstantin den store) i år 330. På staden låg den greske byen Byzantium (Bysants). Av vikingane vart byen kalla Miklagard. I 1453 vart byen erobra av tyrkarane. Erobringa markerer i ettertid slutten på det bysantinske riket. Byen vart hovudstad i Det osmanske riket.
I dag finnes det flest muslimar her, men byen er òg sete for Den ortodokse kyrkja i Konstantinopel.
[endre] Lenkjer ut
- Istanbul cityguide
- Virtual Istanbul
- Bysantinske monument
- Bilete frå Det Store palasset
- Bilete frå Hagia Sophia
- Lonely Planet Istanbul
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |
ru-sib:Станбул