Harry S. Truman
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
President for Sambandsstatane (USA) | 12. april 1945–20. januar 1953 | |
Føregjengar | Franklin D. Roosevelt | |
Etterfylgjar | Dwight D. Eisenhower | |
Fødd | 8. mai 1884 i Lamar i staten Missouri | |
Død | 26. desember 1972 i Kansas i Missouri | |
Gift med | Bess Truman | |
Barn | ||
Gravlagd | Independence i Missouri | |
Parti | Det demokratiske partiet i USA |
Harry S. Truman (8. mai 1884–26. desember 1972) var ein amerikansk politikar. Han var USA sin 33. president i tida frå 1945 til 1953. Han tok over som president i USA etter at Franklin D. Roosevelt døydde. Truman vart president mot slutten av andre verdskrig. Han er den einaste som til no har gjeve ordre om å nytta atombomber i krig. I august 1945 vart byane Hiroshima og Nagasaki i Japan utsletta av atombomber. Atombombene over Hiroshima og Nagasaki var meint å gjera slutt på krigen. Slik gjekk det òg, men i ettertid er det drøfta om det verkeleg var naudsynt å sleppa bombene. Etter at krigen var slutt, var det mange oppgåver som skulle løysast. Truman sin administrasjon utarbeidde Marshallplanen for å byggja opp att Europa etter krigen. Tilhøvet til Sovjetunionen var i starten relativt godt, men utvikla seg til starten på den kalde krigen. Truman var med på opprettinga av dei sameinte nasjonane. Slutten av presidenttida var prega av Koreakrigen.
Sigeren i presidentvalet i 1948 mot republikanaren Thomas E. Dewey er rekna som ein av dei mest uventa i amerikansk politisk historie. I ettertid kunne Truman visa fram løpesetlar med overskrifta "Dewey vann". Før røystene vart talde rekna alle med at Dewey kom til å vinna.
Truman tok ikkje attval ved presidentvalet i 1952. Adlai Stevenson var demokratane sin kandidat. Republikanaren Dwight D. Eisenhower vann valet.
[endre] Lenkjer ut
![]() |
Wikisource: Harry S. Truman – originaltekst |
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |