Brukardiskusjon:Harald Khan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velkommen til Nynorsk Wikipedia! Me ønsker oss mange oppdaterte artiklar om romfart. :-) --Ranveig 15:04, 1 november 2007 (CET)
Jau, takk takk. Får sjå kva eg får til. --nn Khan 23:09, 2 november 2007 (CET)
Innhaldsliste |
[endre] Asteroidar
Velkommen frå meg og! Eg ser du er godt i gang med artiklar om asteroidar og det er flott! Eg ser du nyttar infoboksen som heiter Mal:Småplanet. Du treng ikkje kopiere heile malen for kvar gong. Eg ser det ikkje var lagt inn korleis du skal bruke malen, men dette har eg gjort no, så du treng berre å kopiere
{{Småplanet | namn= | oppdagar= | oppdagingsdato= | alt-namn= | kategori= | epoch= | store_halvakse= | perihel= | aphel= | eksentrisitet= | omløpsperiode= | banehelling=1 | oppstigande= | perihelargument= | snitt_anomali= | fart= | dimensjonar= | masse= | tettleik= | gravitasjon= | unnsleppingsfart= | rotasjon= | spektralklasse= | abs_mag= | albedo= | temperatur= }}
og fylle inn. Lurer du på noko meir så berre spør! --Frokor 18:57, 5 november 2007 (CET)
Aha. Forenklar arbeidet ein god del, ja! :-P Harald Khan 20:25, 5 november 2007 (CET)
[endre] Landingsfarty
Velkommen! Ny forfattar gjev ny lærdom!! Eg har aldri høyrd om NetLander før i dag, men om eg har forstått rett, er det som eit månelandingsfarty konstruert for landing på Mars. Difor skreiv eg om artikkelen slik at han opna omtrent slik. Standard her på nn-wiki er at artiklane helst skal opne med artikkelnamnet. her vart det ord nummer to, ikkje så verst det heller. Men om eg i strevet for å gjere artikkelen betre har skrive noko gale, må du for all del rette det. Eg har aldri vore på Mars, og ikkje skal eg dit heller :) - Knut 20:37, 11 november 2007 (CET)
Du har rett der. Eg fylgde visst den engelske artikkelen litt for slavisk då eg oversette. Harald Khan 11:00, 12 november 2007 (CET)
[endre] Romfartsartiklar
Hei! Godt å sjå ein annan romfartsinteressert skribent. Du gjer ein god jobb med asteroideartiklane, fortsett med det. Sjølv har eg skrive litt om amerikanske og sovjet/russiske romferder og slikt, du må ikkje vere redd for sjølv å skrive om slikt, om du vil. Det hadde berre vore kjekt! Eg held no på å lage malar for dei ulike romfartsprogramma og astro/kosmonautane, men det vert mykje arbeid, heldigvis. Forøvrig, kan du sjå om du kan svara på Maldiskusjon:Romferd? --Anders 22:45, 6 desember 2007 (CET)
Hei. Du får nok sannsynlegvis dei bemanna romferdane for deg sjølv, av di eg trives mest med desse sondane som traskar/svevar rundt i høveleg tempo ;-). Eg tør nok ikkje våga meg inn på den diskusjonen. Harald Khan 22:06, 7 desember 2007 (CET)
- Den er grei. --Anders 00:07, 23 desember 2007 (CET)
[endre] Hei igjen
Var det du som ba om at Kategori:Atenasteroidar skulle slettast? Vert litt usikker med desse anonyme ipadressene. :) --Anders 00:07, 23 desember 2007 (CET)
Ja det var meg; eg skjønar framleis ikkje korleis eg vart logga av der. Sidan artikkelen heiter Aten-asteroide tenkte eg at det var greiast at kategorien heitte det same. Harald Khan Ճ 13:31, 23 desember 2007 (CET)
- Ja det kan vera greitt. Eg har sletta kategorien. --Anders 13:57, 23 desember 2007 (CET)
[endre] språkkyndigheita
Stava rett? Tja, kanskje det. Viss det du meiner då verkeleg er at du er:
1 trassig, vrang (4) gjere seg k-
2 særl om barn og unge dyr: uroleg, utolmodig; maset; kåt, villstyren
3 kravfull, storlåten
Sjå [1]
Men eg ville heller ha brukt ordet dugleik. ;-) --Tannkrem 20:47, 22 januar 2008 (CET)
Heh... :D --Harald Khan Ճ 21:41, 22 januar 2008 (CET)
- Språkkunnskapane, ville no eg rett og slett ha sagt... :-) Olve 21:57, 22 januar 2008 (CET)
[endre] Stamma
Da e lov å skriva stamma. :-) --Tannkrem 21:11, 24 januar 2008 (CET)
Da kan no'kje vera rett; da stå'kje i ordboko ser du. Stamma som i den stamma. Ei stamme, den stamma; eller alternativt å stamma om det er snakk om stamming eller avstamming. --Harald Khan Ճ 21:19, 24 januar 2008 (CET)
- Stamma står i ordboko jo, men ikkje som hovudoppslagsord. Stamma er substantiv hokjønn, eintal, ubunden form, klammeform normert av substantivet ei stamme. Det er òg lov å skriva ei jenta, ei høna, ei bolla, ei bøtta osb. Men det er diverre ikkje så mange som gjer det. --Tannkrem 21:38, 24 januar 2008 (CET)
-
- Hmm eg trudde sideformer ikkje var tilletne på Nynorsk wikipedia, men når eg les det på nytt ser det ut til at eg tek feil. Eg får vel slutta med slikt "hærverk" då. :-) --Harald Khan Ճ 21:52, 24 januar 2008 (CET)
-
-
- Me brukar dei inni artiklane, men ikkje i artikkelnamn. Du må gjerne retta viss du finn noko som er feil. Men om eg synest eg har mitt på det tørre så endrar eg lett attende. :-) --Tannkrem 22:12, 24 januar 2008 (CET)
-
[endre] Mehammarsåto
Eg var på Kattanakken (ikkje heilt til topps) og tok bilete andre vegen på same tid i dag hehe. --Frokor 17:45, 18 mars 2008 (CET)
- Heh. Du har teke betre bilete då kanskje? Staden eg tok biletet ifrå er litt vel langt unna, så biletet eg lasta opp har litt låg oppløysning. --Harald Khan Ճ 17:52, 18 mars 2008 (CET)
-
- Tok nokre bilete ja, men det var mest i retning Halsnøy. --Frokor 17:55, 18 mars 2008 (CET)
-
-
- Ah, leste feil. :-D --Harald Khan Ճ 17:57, 18 mars 2008 (CET)
-