Gallia Cisalpina
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gallia Cisalpīna – latin Gallia på denne sida av Alpane, hitanfor Alpane - svara i romersk tid til Nord-Italia, landet kring elvi Po, som i gamal tid var busett av keltarar. Motsett svara Gallia trānsalpīna - Gallia på hi sida av Alpane - til landet millom Pyreneane, Alpane og Rin.
Millom 224 fvt og 220 fvt vart landsluten herteken av romarane. I 218 fvt hertok kartagaren Hannibal umrådet saman keltiske leigesoldatar og samband, fyre han trengde fram mot Roma. Millom 198 fvt og 191 fvt vann romarane umrådet att, etter at dei keltiske folkesalgi insubres og boii var slegne.
Nokre stader fekk ikkje romersk borgarrett fyre 49 fvt. I 42 fvt var heile umrådet ein lut av Italia.
Skaldane Vergil og Catull var fødde i Gallia Cisalpīna.