Fuji-fjellet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fuji (Fuji-san (富士山) på japansk) er det høgaste fjellet i Japan, og ligg like vest for Tokyo. Fjellet ligg nær Stillehavskysten på den sentrale øya Honshu. Tre mindre byar ligg rundt fjellet, Gotemba i aust, Fuji-Yoshida i nord og Fujinomiya i sørvest. Fjellet er 3776 m høgt og toppen er snødekt året rundt, sjølv om det ligg i ei temperert klimasone.
Fuji er eit velkjend symbol på Japan, og er eit populært turistmål, som ofte vert brukt som fotomotiv for postkort. Heile fjellet er òg ein stor vulkan, og har hatt fleire utbrot. Fjellet er rekna for å vere ein aktiv vulkan, men med berre låg risiko for utbrot. Det siste utbrotet skjedde i 1708.
[endre] Soge
Ein meiner at ein ukjend munk var først mann på toppen av fjellet i 663. Toppen av fjellet vart rekna som heilag, og var eit forbode område for kvinner fram til Meiji-perioden. Den første kjende utlendingen på toppen var Sir Rutherford Alcock i 1860.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |