Freiburg im Breisgau
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Byvåpen | Plassering |
![]() |
|
Styresmakter | |
---|---|
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
![]() Baden-Württemberg Freiburg Kreisfri by |
Grunnlagd | 1100-talet |
Geografi | |
Flatevidd - By |
153,06 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
215 966 1 411/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 278 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 79001-79140 |
Telefon-retningsnummer | 0761 |
Bilnummer | FR |
Heimeside: www.freiburg.de |
Freiburg im Breisgau er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 215 000 innbyggjarar. Byen ligg i området Breisgau vest i Schwarzwald. Freiburg er kjend som den varmaste byen i Tyskland. Elva Dreisam renn gjennom byen, som ligg ved foten av fjellet Schlossberg. Rundt byen ligg fjella Rosskopf og Bromberg i aust, og i sør og vest Schönberg, Tuniberg og Kaiserstuhl.
[endre] Historie
Freiburg vart grunnlagd på 1100-talet av hertug Konrad av Zähringen som ein fri handelsby (derfor namnet). Han låg strategisk til ved kryssingspunktet mellom handelsvegane mellom Middelhavet og Nordsjøen, og Rhinen og Donau. I 1368 kjøpte Freiburg seg laus frå den lokale hertugen, og søkte vern hos Habsburg, som stort sett lot byen vere sjølvstendig.
Rundt 1200 bygde byen domkyrkja Münster over ei tidlegare kyrkje. Slutten av mellomalderen og byrjinga av renessansen var ei tid med både framgong og tragediar i Freiburg.
I 1457 oppretta Hertug Albrecht VI Albert-Ludwigs-Universität, eit av dei eldste universiteta i Tyskland. I 1520 gjorde byen fleire rettslege reformar, som vert sett på som å vere før si tid. Dei prøvde å balansere mellom dei gamle bytradisjonane og dei gamle romerske lovene. Reformane vart godt tatt i mot, særleg innan sivilrett, straff og vedtektene til byen.
I 1520 valde Freiburg å ikkje godta reformasjonen og vart eit viktig senter for katolismen i Oberrhein. I 1536 førte trua på heskeri til dei første heksejaktane. Ei trong for å finne årsaka til tragediar som Svartedauden førte til auka omfang av heksajakta, som nådde toppen i 1599. Ein plakett på den gamle bymuren viser kor brenninga vart utført.
1600- til 1800-talet var ei turbulent tid i Freiburg. Som følgje av kampar under trettiårskrigen og andre konfliktar høyrte byen i periodar til både Austerrike, Frankrike, Sverige, Spania og Tyskland. I ein periode mellom 1648 og 1805 var han administrasjonsstad for Vorderösterreich og Habsburgområda sørvest i Tyskland, då han ikkje var under fransk okkupasjon. I 1805 vart byen, i lag med Breisgau og Ortenau, ein del av Baden.
I 1827, då erkebispedømet Freiburg vart oppretta, vart Freiburg sete for ein romersk-katolsk erkebiskop.
I 1889 måtte heile byen evakuerast då det illeluktande stoffet thioacetone vart produsert i eit laboratorium.
22. oktober 1940 gav den nazistiske Gauleiter av Baden ordre om å deportere alle jødar i Baden, 360 av dei i Freiburg, til den sørfranske interneringsleiren Camp de Gurs i Basses-Pyrénées. Dei fleste overlevde dei dårlege forholda i leirein, men vart send til Auschwitz 18. juli 1942, der dei døydde. Gravstaden for dei tyske jødane som døydde i Gurs er vedlikehaldt av Freiburg og andre byar i Baden. Eit minnesmerke står utafor den moderne synagogen i sentrum av byen.
Byen vart utsett for kraftige bombeåtak under den andre verdskrigen. I 1940 slapp tyske fly om lag 60 bomber med ein feiltaking nær jernbanestasjonen i Freiburg. Eit alliert bombetokt i november 1944 øydela store delar av byen. Det meste av byen vart jamna med jorda bortsett frå domkyrkja. Etter krigen vart byen bygd opp slik han hadde vore før krigen. Han var ei kort tid sete for styresmaktene i den tyske staden Baden, som vart slått saman til Baden-Württemberg kort tid etter. Han vart okkupert av den franske hæren i 1945. Dei hadde styrkar her fram til 1991.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Freiburg: Historie og bilete
- Freiburg og Schwarzwald
- Augustinermuseum
- Turistinformasjon
- Webkamera frå byen og området rundt
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Freiburg frå Engelsk Wikipedia .