Estisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Estisk (eesti keel) |
||
Klassifisering: | Uralsk Austersjøfinsk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Estland | |
Område: | - | |
Estisktalande i alt: | 1,1 million | |
Rangering: | ikkje på topp 100 | |
Skriftsystem: | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Estland | |
Normert av: | - | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | et | |
ISO 639-2: | est | |
SIL: | EST |
Estisk er eit austersjøfinsk språk i den uralske språkfamilien, nært i slekt med finsk, men ikkje utan vidare gjensidig forståeleg.
Innhaldsliste |
[endre] Geografisk område
Estisk blir snakka i Estland (av over 950 000), og i emigrantsamfunn, særleg i Sverige, USA og Canada (av over 150 000).
[endre] Offisiell status
Estisk er offisielt språk i Republikken Estland, og er nest etter islandsk det minste språket som fungerer som hovudspråk i ein sjølvstendig nasjonalstat.
[endre] Dialektar
Det primære skiljet i estisk går mellom sør- og nord-estisk.
[endre] Avleidde språk
Ein sørestisk dialekt skil seg så mykje frå dei andre dialektane at det er mogleg å argumentere for at det er eit eige språk, Võru-målet.
[endre] Grammatikk
[endre] Fonologi
Hovudartikkel: Estisk fonologi
Estisk har ni vokalar.
Estisk er kjend for å ha stadieveksling. Stadievekslinga er omfattande, og skil m.a. mellom korte, lange og overlange lydar.
[endre] Morfologi
Hovudartikkel: Estisk morfologi.
Estisk har eit rikt bøyingssystem, mellom anna med 14 kasus for nomen substantiv, adjektiv og pronomen og ein rik verbmorfologi. Kasussystemet består av 3 grammatiske og 11 adverbiale kasus. Dei grammatiske er nominativ (for subjekt og predikativ), genitiv (for objekt, possessiv og komplement til postposisjonar) og partitiv (for objekt og etter talord). Dei adverbiale kasusa dannar eit 2 x 3 - system, med to TIL-kasus, to I/PÅ-kasus og to FRÅ-kasus, skilnaden mellom dei to er INNI vs. PÅ. Det same systemet finst i finsk. Estisk har også fire lokalkasus som fell utanfor dette systemet (terminativ, essiv, abessiv og komitativ), dei såkalla ni-na-ta-ga-kasusa, etter suffiksa deira, desse kasusa skil seg frå dei andre kasusa ved at adjektiv ikkje kongruerer med substantivet i desse kasusa, men i staden står i genitiv.
Verba kongruerer med subjektet i person og tal. Som i mange uralske språk er negasjon eit verb, men dette verbet kongruerer ikkje med subjektet.
Adjektiva kongruerer med substantivet i kasus og tal, bortsett frå for ni-na-ta-ga-kasusa. Adjektiva har også gradbøying.
[endre] Syntaks
Hovudlartikkel: Estisk syntaks
Som kasusspråk har estisk relativt fri ordstilling, men den vanlegaste ordstillinga i heilsetningar er i likskap med norsk SVO. Som einaste uralske språk har estisk subjekt-verb-inversjon. På same måten som i norsk heiter det Eile läks Peeter Pärnusse, "I-går drog Peeter til-Pärnu", der det på finsk vil heite Eilen Peeter lähti Pärnuun "I-går Peeter drog til-Pärnu". Dette fenomet er lånt frå germansk, og døme på eit Sprachbund-fenomen.
[endre] Ordforråd
[endre] Lånord
Sjølv om basisordforrådet utan tvil er finsk-ugrisk, har estisk lånt svært mykje frå indoeuropeiske språk, både når det gjeld ordstammer, «omsetjingslån», idiomatiske uttrykk og til ein viss grad syntaks. Særleg har estisk i likskap med dei skandinaviske språka mange lånord frå lågtysk.
[endre] Purisme
Estisk var i mange hundre år sterkt påverka av tysk, men gjekk gjennom ein periode med sterk purisme i andre halvdel av 1800-talet. Purismen var inspirert av tilsvarande diskusjonar i Finland, og mange tyske lånord vart erstatta med estiske ord, også med omsetjingslån frå finsk.
[endre] Skriftsystem
Estisk blir skrive med det latinske alfabetet med ein del tilleggsbokstavar: Aa, Bb, Cc, Dd, Ee, Ff, Gg, Hh, Ii, Jj, Kk, Ll, Mm, Nn, Oo, Pp, Qq, Rr, Ss, Šš, Zz, Žž, Tt, Uu, Vv, Ww, Õõ, Ää, Öö, Üü, Xx, Yy. Av desse blir f, š, z, ž, c, q, w, x, y brukt berre i lånord.
[endre] Historie
Indre språkhistorie, ytre språkhistorie.
[endre] Døme
Her kjem ein kort tekst, kapittel 11, vers 7-8 frå Matteusevangeliet, på estisk, finsk og norsk.
Estisk | Finsk | Norsk |
---|---|---|
Aga kui need ära läksid, hakkas Jeesus rahvale rääkima Johannesest: „Mida te olete läinud välja kõrbe vaatama? Kas pilliroogu, mida tuul kõigutab? | Heidän mentyään Jeesus alkoi puhua ihmisille Johanneksesta: "Mitä te lähditte autiomaahan katsomaan? Ruokoako, jota tuuli huojuttaa? | Då dei gjekk bort, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden? |
Või mida te olete välja läinud vaatama? Kas inimest, kes on riietatud peente riietega? Vaata, kes kannavad peeni riideid, need on kuningate kodades. | Vai mitä odotitte näkevänne? Kenties hienosti pukeutuneen miehen? Kuninkaanlinnoista te niitä löydätte, jotka hienostelevat vaatteillaan! | Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i slotta hos kongane. |
[endre] Litteratur
- Erelt, Mati (red.) 2003: Estonian language. Linguistica Uralica Supplementary Series Volume 1. Tallinn: Eesti Teaduse Akadeemia Kirjastus.