Einar Førde
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einar Førde (20. januar 1943 i Høyanger–26. september 2004) var ein norsk journalist og politikar for (Arbeidarpartiet). Førde var som politikar ein viktig ideolog og strateg. Han var òg kringkastingssjef for NRK.
Han var son av Gudleik Førde og Dagny Hagen frå Høyanger. Han tok artium ved Eidsvoll landsgymnas, og studerte ved statsvitskap, historie og samfunssøkonomi Univ i Oslo. Han tok også russisk ved Forsvarets russiskkurs. Han var ein lovande idrettsmann, og vann 1500 m under Nordisk juniormesterskap i 1963.
Han sat som stortingsrepresentant frå 1969 til 89, deretter som kringkastingssjef frå 89 til 2001. Siste åra skreiv han artiklar kvar veke i Bergens Tidende, og desse er samla i dei to siste bøkene frå hans hand.
Einar Førde døydde 61 år gamal av kreft etter ei tids sjukdom, og etterlet seg kona Synnøve Nymo og tre born frå dette ekteskapet, to frå tidlegere ekteskap.
[endre] Verv
- Stortingsrepresentant for Oslo 1969–89 (Akershus 1981–85)
- Parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet 1986–89
- Nestleiar i Arbeidarpartiet 1981–89
- Kyrkje- og undervisningsminister 1979–81
- Kringkastingssjef 1989–15. juli 2001
[endre] Bøker
- «Det norske klassesamfunn» (1968)
- «Vi er alle sosialdemokratar» (1981)
- «Utsyn : innkast mot gravalvorets diktatur (2002)
- «Innsyn : artiklar : 2002-2004 (2005)
[endre] Biografiar
- Frank Rossavik: Stikk i Strid. Ein biografi om Einar Førde. Spartacus. 2007.
- Tor Obrestad: Einar Førde. Ein biografi. Det Norske Samlaget 2007.
![]() |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |