Den andre balkankrigen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den andre balkankrigen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av balkankrigane | |||||||
![]() Døde bulgarar under balkankrigane |
|||||||
|
|||||||
Partar | |||||||
![]() |
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
||||||
Styrkar | |||||||
500 000 mann | Serbia 220 000 mann Romania 300 000 mann Hellas 150 000 mann Montenegro 12 000 mann |
Den andre balkankrigen vart utkjempa i perioden mellom 16. juni og 18. juli 1913. Krigen sto mellom Bulgaria på den eine sida, mot Hellas, Serbia og Romania på den andre. Då det såg ut til at Bulgaria kom til å tape, intervenerte dessutan Det osmanske riket for å ta tilbake nokre av områda som dei tapte under den første balkankrigen.
Den andre balkankrigen markerer dermed samanbrotet av Balkanligaen kjend frå den første balkankrigen, og førte til at Serbia, som var alliert med Russland, vart ei viktig regional makt. Men dette førte igjen til at Austerrike-Ungarn vart uroleg, og slik vart resultatet av denne krigen ein del av opptakten til den første verdskrigen.
I den første balkankrigen klarte Balkanligaen å erobre Det osmanske riket sine europeiske provinsar, slik at tyrkarane berre hadde halvøyane Chatalja og Gallipoli igjen. Fredsslutninga i London vart underteikna 30. mai 1913 og garanterte mellom anna eit sjølvstendig Albania.
Men denne fredsavtalen løyste ikkje problemet med at partene ikkje var einige om korleis det erobra området skulle delast, særleg var dette tilfelle for Makedonia. Bulgaria sitt standpunkt var at dei hadde fått liten uttelling av sin krigsinnsats, særleg ønska dei delar av Makedonia, samt byen Thessaloniki i Hellas der dei allerede hadde utstasjonert eit regiment. Hellas og Serbia var på den andre side misnøgd med at dei måtte forlate Albania. For å demme opp mot bulgarsk ekspansjon, danna dei ein allianse trass i at dei hadde stor intern usemje. Bulgaria motsette seg Romania sitt krav på den bulgarske festningen i Silistria ved Donau som godtgjersle for at dei haldt seg nøytrale i den første balkankrigen.
Russland var frå 1912 allierte med både Serbia og Bulgaria og ville unngå krig mellom sine allierte. Men under forhandlingane hald spredte kamphandlingar fram i Makedonia mellom desse landa. Den 16. juni ga den bulgarske overkommandoen ordre til sine troppar, utan forutgåande konsultasjonar med eigen regjering, om å gå til ptak på serbiske og greske posisjonar, noko som førte til krigserklæringar.
Bulgaria ønska å sikre seg heile Makedonia og slik dominere Balkan, men for Serbia og Hellas ga krigen anledning til å sikre sine posisjonar i Makedonia og unngå bulgarsk dominans.
Hellas var talmessig overlegen ved Thessaloniki og Bulgaria måtte raskt trekke seg tilbake. Stort sett var bulgarerne på defensiven, og tapte dei fleste slaga. Då Romania gjekk inn i krigen i månadsskiftet juni/juli, og seinare óg Det osmanske riket som såg sitt snitt til å ta tilbake noko av det tapte frå Den første balkankrigen, måtte Bulgaria be om våpenkvile. Kolera braut ut blant styrkane, slik at verken Romania eller tyrkarane kom i faktisk kamp. Bulgaria tapte dei territoria dei hadde fått i Den første balkankrigen, men dette vart ein midertidig avtale, då den første verdskrigen brøt ut den neste sommaren.
[endre] Sjå óg
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Den andre balkankrigen frå Wikipedia på bokmål.