Damal Krishnaswamy Pattammal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Damal Krishnaswamy Pattammal (f. 2. mars 1919), best kjend under forkortingane DKP eller DK Pattammal, er ei av dei mest populære og respekterte songarinnene i karnatisk musikk. Ho og dei to samtidige Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi og M.L. Vasanthakumari blir ofte kalla «den kvinnelege treeininga i karnatisk musikk».
Damal Krishnaswamy Pattammal vart fødd den 2. mars 1919 i Kanchipuram i Tamil Nadu av foreldra Damal Krishnaswamy Dikshitar og Rajammal. 14 år gammal heldt ho den første konserten sin i Mahila Samaj i Egmore. Ho vart snart vidkjend, og musikkarriera hennar har vara i over 65 år.
Innhaldsliste |
[endre] Utøvaren Pattammal
[endre] Stemmetype og disiplin
Pattammal har ein fyldig stemme i djup alt/høg tenor-leiet. Dei uvanlege musikalske emnene hennar inkluderer ein overveldande stemmeteknikk, kompromisslaust fokus på presis intonasjon og rytme og ein svært tydeleg diksjon. Framføringane hennar av shlokaer og viruttamar (dikt sungne på improvisert vis utan rytmisk akkompagnement) er svært kjenslerike. Ho blir rekna som ein svært disiplinert musikar; som barn vakna ho føre daggry og øva i timesvis, og gjennom heile karriera har ho planlagt konsertprogramma sine vekesvis på førehand og øva grundig og målretta.
[endre] Første brahminske kvinne i faget sitt
Med Patammal sitt nette veremåte og audmjuke natur er det ikkje lett å sjå henne for seg som revolusjonær — men ho revolusjonerte faktisk den karnatiske musikken på eit par område. Ho var den første brahminske kvinna til å framføre karnatisk musikk offentleg, både på scena og gjennom kringkasting. Brahminarar høyrer til den høgste kasten i det indiske kastesystemet, og fram til 1930-talet var det tabu for brahminske kvinner å opptre på ei scene.
[endre] Første kvinne til å framføre Ragam-Thanam-Pallavi
Pattammal var òg den første kvinna som framførte Ragam-Thanam-Pallavi på scena. Ragam-Thanam-Pallavi (eller Pallavi) er den vanskelegaste konsertmusikken i karnatisk musikk. Føre Pattammal var Pallavi rekna som ein mannleg disiplin. Pattammal tok ikkje berre eit djervt steg inn i Pallavi-songen, men ho framførte òg nokre svært kompliserte pallaviar i intrikate talamar (rytmiske modus) på imponerande nok vis til å oppnå respekt frå sine mannlege kollegaer. Difor blir ho ofta kalla Pallavi-Pattammal. I dag følgjer mange kvinner hennar eksempel og framfører Ragam-Thanam-Pallavi som hovudnumret i konsertane sine.
[endre] Eksponent for Muthuswami Dikshitar og Papanasam Sivan
Pattammal brakte fram i lyset mange komposisjonar av Muthuswami Dikshitar og Papanasam Sivan og gjorde dei populære. Når det gjeld musikken av Muthuswami Dikshitar, så blir ho sett på som ein hovudautoritet. Ho lærte autentiske versjonar av Dikshitars musikk frå Ambi Dikshitar (ein grandnevø av Dikshitar) og dommar T. L. Venkatrama Iyer.
[endre] Konsertverksemd i India og utanlands
Pattammal har teke del i mange prosjekt over store delar av India så vel som i USA og andre land. Sjølv om ho har fått mange tilbod om å syngje for filmar, har ho berre teke i mot dei tilboda som dreide seg kring religiøse og patriotiske songar. Ho har gjort mange komposisjonar av Subrahmanya Bharati og andre patriotiske indiske komponistar populære.
[endre] Læraren Pattammal
Pattammals songstil har tiltrekt seg mange studentar. Fremst blant studentane hennar var den yngre bror hennar D. K. Jayaraman, som song saman med henne på talrike konsertar og som akkurat som Pattammal sjølv vart tildelt Sangeetha Kalanidhi-prisen i 1990. Nokre av dei andre studentane hennar er: Charumathi Ramachandran, Geetha Rajashekar og Nithyasree Mahadevan (som er barnebarnet åt Pattammal). Ho har òg undervist studentar frå fleire land.
[endre] Prisar
Pattammal har vorte tildelt mange prisar i løpet av karriera si. Dei viktigaste prisane hennar er: