County Tyrone
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
County Tyrone Contae Thír Eoghain |
|
![]() |
|
---|---|
![]() |
|
Statistikk | |
Provins: | Ulster |
Hovudby: | Omagh |
Areal: | 3 155 km² |
Folketal (est.): | 166 516 |
Folketettleik: | 53 /km² |
County Tyrone (irsk Contae Thír Eoghain) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.
County Tyrone grenser til Fermanagh i sørvest, Londonderry i nordaust, Armagh i søraust. I aust ligg Lough Neagh. Av grevskap i Republikken Irland grenser Tyrone til Donegal i nordvest og Monaghan i sør.
Tidlegare var grevskapet større, og inkluderte den delen County Londonderry som ligg aust for elva Foyle.
Det er det største av dei seks grevskapa i Nord-Irland. Etter endringane i lokalstyreordninga har ikkje grevskapet lenger noko administrativ funksjon. Tyrone er delt i fire distrikt: Cookstown, Dungannon, Omagh og Strabane. I tillegg er ein mindre del av grevskapet inkludert i distriktet Fermanagh.
[endre] Byar og landsbyar i County Tyrone
Den tradisjonelle administrasjonsbyen i Tyrone er Omagh. Andre store byar er Strabane, Dungannon og Cookstown. Av mindre byar finn ein Fivemiletown, Castlederg, Coalisland, Donaghmore, Ardboe, Pomeroy og Carrickmore.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Tyrone frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo |