Cephalaspidomorphi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cephalaspidomorphi |
||
|
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
overklasse: | Cephalaspidomorphi | |
Vitskapleg namn | ||
Cephalaspidomorphi |
Cephalaspidomorphi er ei gruppe kjevelause fisk med enkle naseopningar. Dei fleste kjende medlemmane av gruppa var pansra fisk som levde i devon- og silurtida for om lag 400 millionar år sidan, men mange meinar at òg niaugene som lever i dag høyrer med i gruppa.
Slektskapet til dei ulike fossile fiskane innanfor gruppa er uklårt, og somme meiner ho kanskje kan vera parafyletisk: Sidan somme av dei fossile artane har para finner, trur ein del forskarar at dei virveldyra som har kjever stammar frå ho. Namnet vert likevel brukt jamnleg, i dag særleg i samband med niauger.
[endre] Delgrupper
- Osteostraci
- Galeaspida
- Pituriaspida
- Anaspida
- Hyperoartia - niauger og dei fossile slektningane deira