Astat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astat er eit grunnstoff med atomnummer 85 som tilhøyrer halogena. Det er eit svært radioaktivt, fast stoff som er uhyre særsynt i naturen. Forskarar har rekna ut at det til einkvar tid finst mindre enn ei teskei astat på heile jorda til saman.
Av di stoffet er så uvanleg, veit vi svært lite om det. Ingen kan seia noko om tettleik, struktur osb., for ingen har sett korleis astatatom oppfører seg når det vert mange av dei. Vi veit til dømes ikkje om astat kan leia straum eller kva varmekapasitet eller molarvolum det har.
![]() |
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kjemispirer. |