Arkhe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkhe eller arché, gresk ἀρχή, er eit ord (ἀρχή) som tyder noko slikt som «byrjing» eller «opphavleg».
Før-sokratikarane lagde fleire teoriar om kva dette «opphavet åt alle ting» var. Teoriane om arkhe søkte å svara på kva som låg til grunn for den fysiske verda, rørsle og endring.
Thales såg på vatn, Anaksimander tenkte seg apeiron, Anaksimenes luft, Pythagoras kan seiast å ha hatt tal, Heraklit logos, Parmenides «Det Eine», Empedokles dei fire elementa og Demokrit tenkte seg atom som arkhe.
[endre] Avleiingar
Fleire moderne ord er avleia av arkhe, til dømes:
- arkeologi, læra om livet i tidlege tider
- arketyp(e), ei urform, gjerne ei som er sams for alle menneskja
[endre] Kjelder
- Dagfinn Døhl Dybvig & Magne Dybvig (2003). Det tenkende mennesket. Trondheim: Tapir. ISBN 82-519-1864-2.
- Nynorskordboka
- Oxford English Dictionary
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |