Amalie Skram
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amalie Skram (22. august 1846–15. mars 1905) er rekna for å vere ein av dei fremste naturalistiske forfattarane i Noreg.
Skram var fødd i Bergen, men budde frå 1884 til ho døydde i København. Ho følte seg så avvist i Noreg at ho ønska seg gravskrifta «Dansk borger, dansk Undersaat og dansk forfatter».
Innhaldsliste |
[endre] Tema i forfattarskapen
Amalie Skram var naturalist og oppteken av klasseskilnad, kvinneundertrykking og dobbeltmoral. Ho ville mellom anna klarkleggje kor vidt psykologiske problem kom av arv og miljø, og om korleis den moderne legevitskapen kunne misbrukast.
Ho debuterte i 1882 med forteljinga «Madam Høiers Leiefolk», og fekk gjennombrotet sitt tre år seinare då Constance Ring blei utgjeven. Denne forteljinga danna etterkvart det vi kan kalle starten på ekteskapsromanane i forfattarskapet, saman med Lucie, Fru Inez og Forraadt.
Det ho i ettertid er mest kjent for, er slektsromanane om Hellemyrsfolket — Sjur Gabriel, To venner, S.G. Myhre og Afkom. Her skildrar ho ein familie i fleire generasjonar, og lausriv seg frå eigne erfaringar og opplevingar som bakgrunn for skrivinga.
Endeleg stiller også dei to romanane som skildrar psykiatriske lidingar og psykiatriske institusjonar ei gruppe innanfor forfattarskapen. Professor Hieronimus og På St. Jørgen er banebrytande for norsk litteratur. For første gang stiftar lesaren kjennskap med dei psykiatriske forholda i samtida.
Utover dei mest kjende verka av Amalie Skram må det nemnast at ho var ein svært produktiv forfattar. Romanar, noveller og forteljingar var hovudengasjementet hennar, men ho var også ein dyktig kritikar og litteraturmeldar, spesielt før ho fekk det verkelege gjennombrotet sitt med Constance Ring.
Amalie Skram heldt fram med å skrive like til ho døde i 1905, 58 år gammal. Dei siste åra gav ho heftevis ut det som skulle verte hennar siste roman «Mennesker». Denne står som hennar siste og ufullendte verk. Tonen er langt lysare enn det som kunne ventast av ei aldrande, sjuk og deprimert Amalie Skram.
[endre] Nokre bøker:
- Constance Ring, 1886
- Lucie, 1888
- Fru Inez, 1890
- Forradt, 1892
- Hellemyrsfolket:
- Sjur Gabriel, 1887
- S.G. Myhre, 1890
- Afkom, 1898
- Børnefortellinger, 1890
- Professor Hieronimus, 1895
- Paa St. Jørgen, 1895
- Mennesker, 1905 (ufullendt)
[endre] Litteratur om Amalie Skram
- Irene Engelstad: Sammenbrudd og gjennombrudd : Amalie Skrams romaner om ekteskap og sinnssykdom, Oslo 1984. ISBN 82-530-1359-0, ISBN 82-530-1552-6 (paperback 1992)
- Liv Køltzow: Den unge Amalie Skram : et portrett fra det nittende århundre, Oslo 2003. ISBN 82-05-31342-3 h.
[endre] Andre nettstader
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
![]() |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. |