Ålfotbreen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ålfotbreen er ein isbre i kommunane Bremanger, Flora og Gloppen i Sogn og Fjordane fylke. Breen har eit areal på 17 km² og det høgste punktet er på 1385 moh.
DNT har merka opp fleire turløyper opp til breen — frå Ålfoten, Grøndalen og Hyen — og har óg sett opp Blåbrebu på sørsida av breen.